Full vinter på Vinterkarusellen

Sjuande løp denne sesongen gjekk føre seg i sludd og snø tysdag 13. februar. Men det vart ein fin trimkveld med god innsats av alle, og mange blide fjes.

Etter at det hadde vore ganske fint føre tidlegare på dagen, slo det til med snøbyger på ettermiddag og kveld. Det var ikkje veldig glatt, men allikevel vanskeleg å få godt feste i sluddet som la seg både på sidevegar og i riksvegen. Men folk trivdes i den fine vinterkvelden og innsatsen var på topp hjå alle.
Blant racarene var det brødrene Ove og Lars Måge som var fyrst blant mennene føre Simen Lillefosse, Frode Espeland og Ketil Karlsen. Blant kvinnene var igjen Monica Rinde Oma fyrst, føre Torild Kveberg, Tonje Helen Gravdal og Irene Myrvold. Elles var det flott innsats av alle uansett alder og ambisjonar.
Etterpå var det trekking av gåvepremiar. Nemnde Monica Rinde Oma vann den gjevaste av desse; gåvekort på Mo Sport til verdi på kr. 500,-

Neste løp er tysdag 5. mars kl. 19. Det vert åttande og siste løp denne sesongen. Etter løpet vert det avslutning av karusellen i kantina på skulen , med utdeling av medaljar til alle med minst 5 løp, og trekking av gåvepremiar, m.a. eitt på kr. 2000,- på Mo Sport blant dei med 5 løp denne sesongen.

Resultat. 7. løp. 13. februar 2024.

 

Bjarne

Bakke

26,39

Renate

Bakkely

47,16

Liv Berit Bru

Eide

26,45

Ea Gravdal

Eliassen

20,20

Frode

Espeland

18,00

Kitti Marie Håbrekke

Fosse

44,51

Tor Henrik Fosse

Fosse

44,51

Ludvik Bakkely

Fugleberg

47,16

Vilde Bakkely

Fugleberg

46,59

Lars

Gjerde

35,14

Magnus Lutro

Gjerde

35,14

Torunn Lutro

Gjerde

28,14

Tonje Helen

Gravdal

20,20

Grete

Hjertaker

31,59

Ketil

Karlsen

21,50

Torild

Kveberg

19,05

Dagny Evita

Lillefosse

35,45

Simen

Lillefosse

17,52

Irene

Myrvold

22,35

Amalie Svåsand

Måge

53,58

Lars

Måge

17,34

Ove

Måge

16,32

Kristian

Neteland

47,50

Sigrun

Neteland

47,50

Liv

Nærnes

29,50

Monica Rinde

Oma

18,58

Franz

Sekanina

35,45

Ingunn

Sekanina

47,50

Grete

Solvi

30,34

Bodil

Stranden

30,57

Silje Kristin

Svåsand

53,58

Irene

Tangerås

26,45

Siv

Øygard

30,00

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift