Bli medlem i Strandebarm Idrettslag

Medlemstallet i idrettslaget er veksande. Som medlem nyter ein godt av fleire fordeler. Sjå detaljer nedanfor.

Prisen for medlemskap er

Born: 400,-

Vaksne: 500,-

Familie: 1.000,-

For å verta medlem tek ein kontakt med SIL på: strandebarmil@gmail.com

Her er nokre av fordelane ved medlemskap:

Som medlem kan ein delta på alle treningar som dei mange ulike gruppene i SIL skipar til. (For bruk av symjehallen gjeld Kvam herads opplegg, sjølv om det er Idrettslaget som arrangerer aktivitetane også der)

Bruk av den populære minigolfbanen i Strandebarm Idrettspark er gratis for medlemar i Idrettslaget. Golfkøller og noteringskort er lett tilgjengelige ved SjøAktiven.

Trimrommet i Idrettsparken er også gratis å nytte for medlemar. Nøkkel til rommet ligg i Sportellets postkasse.

Ein annan mykje brukt ting i Strandebarm er båtopptrekket ved SjøAktiven. Dette er gratis å bruke for SIL-medlemer. Her er det enkelt å kome til med bil og båthengar. Ein kan enkelt rygge ned til vassflata, og ta opp båten eller sjøsette den, i kontrollerte former.

Hvis du ikkje allerede er medlem i Strandebarm Idrettslag; meld deg inn.. Velkomen som medlem!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift