Kald start på 2024

Vinterkarusellen starta opp det nye året med løp allerede 2. januar. Det vart ein kald kveld, men kjekt var det allikevel.

Over tretti deltakarar var med på årets fyrste løp i Vinterkarusellen, som var det femte denne sesongen. Nokre nye påmelde var det også. Det var nokre minusgrader og kald, bitande vind. På idrettsparken var det salta og skrapt. Men det var ikkje lett å få godt feste, naturleg nok. Is med strøsand var det på vegen opp til riksvegen. Riksvegen var bàr. Men vinden hadde løparane med seg heile tida. Det var imponerande innsats av alle, store som små. Nokre mødre sprang også med barnevogn. Alle kom vel gjennom løpet, sjølv om vèr og føre ikkje innbaud til nye rekordar. Men gode tider vart det jamvel.

Etterpå var det trekning av fem gilde premiar, der hovudpremien var eit gåvekort på Mo Sport i Norheimsund. Neste løp vert tysdag 23. januar klokka 19.  

Resultat 5. løp 2. januar 2024

Renate

Bakkely

37,11

Jone Skålnes

Bergheim

27,20

Olai Skålnes

Bergheim

27,16

Ole Oddgeir

Bergheim

27,20

Anne Christin

Børsheim

27,48

Ingrid

Børsheim

21,27

Samuel

Børsheim

19,28

Liv Berit Bru

Eide

25,30

Frode

Espeland

19,07

Vilde Bakkely

Fugleberg

37,05

Kristi Lutro

Gjerde

28,27

Lars

Gjerde

28,33

Lars Lutro

Gjerde

21,20

Magnus Lutro

Gjerde

28,57

Torunn Lutro

Gjerde

28,57

Grete

Hjertaker

35,11

Egil

Johannessen

19,10

Ketil

Karlsen

24,16

Gustav Høgenæs

Laupsa

27,50

Svein Valland

Laupsa

27,52

Arthur

Lillefosse

30,21

Dagny Evita

Lillefosse

41,20

Simen

Lillefosse

17,46

Irene

Myrvold

24,16

Amalie Svåsand

Måge

44,43

Lars

Måge

17,20

Ove

Måge

17,04

Sondre Svåsand

Måge

15,03

Liv

Nærnes

30,21

Franz

Sekanina

41,20

Silje Kristin

Svåsand

44,43

Irene

Tangerås

26,36

Alvhild

Tveitnes

51,15

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift