Bli med på idrettsmerkeprøvar tysdag 20. juni

Tysdag 20 juni kl. 18 er det klart for idrettsmerkeprøvar på Strandebarm Idrettspark. Her får ein prøve seg i både løp, hopp og kast etter ulike kriteriar. Måla som er sette, er tilpassa aldersgruppene. Det vert også idrettsmerkeprøvar tysdag 15. august kl. 18

Å ta idrettsmerke er ein fin måte å halde seg i form på. Krava varierer i dei ulike aldersgrupper. 

Når du tek idrettsmerke vert du prøvd i fem øvelsesgrupper:

1:Trim

2:Spenst/presisjon

3:Hurtighet

4:Styrke

5:Utholdenhet

Det er mange val av øvingar innan kvar gruppe.

Idrettsmerke for vaksne kan du ta frå du er 16 år gamal, og det er inga aldersgrense oppad! Du konkurerer med deg sjølv frå år til år, og utmeringar som idrettsmerkestatuetten, krus og hederspris kan du oppnå etter 15, 20, og 35 år som idrettsmerketakar.

Strandebarm idrettslag arrangerar idrettsmerkeprøve i juni og august kvart år. 

Set deg mål om å ta idrettsmerke i 2017 det er plass til deg og!
 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift