Aktiv helg i Strandebarm 5.-7. mai

Kom og bli med på gratis, styrkande og pulserande aktivitetar i idrettshallen, utandørs og til vanns, samt spinning i Skjering helga 5.-7. mai. Sundagen er det tur til Klepp. Sjå detaljert info nedanfor.

Idrettslaget arrangerar Aktiv Helg i med ulike aktivitetar frå fredag til sundag 5.-7. mai. Klikk på linken oppe til høgre på denne sida under "Vedlegg" for å sjå detaljert program. 
Det er ulike aktivitetar både i idrettshallen, symjehallen, utandørs og spinning i trenningsrommet i hallen i Skjering. På sundag vert det tur til Klepp.
På laurdag kl 19. vert det sosial middag (kr. 300,-) for deltakarar på Hallvardsnaustet.

Påmelding til spinning, vass-aerobic og middag (innan torsdag 4. mai). 
epost: aktivhelgsil@gmail.com / sms til 99012296 

For dei andre timane; Møt opp! Nedre aldersgrense 14 år
Bilete: F.v Torunn Lutro, Cecilie Hjelmeland Torgersen, Sara Stave, Sigrun Helen Tufta, Tom Adnan Viken og Finn-Ove Mundheim Oma.
Liv Sigrid Almås og Arngunn Timenes Bell var ikkje tilstades då biletet vart teke.

Arr: Strandebarm IL - friidrettsgruppa

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift