Sandane Turn og Idrettslag

Event
Turnsesongen 2017/2018 - påmelding/treningsavgift

Turnsesongen 2017/18 

Turnsesongen er like om hjørnet. Oppstart er planlagt veka etter haustferien.

Alle turnarar som var med i  2016/17 sesongen og ikkje har sagt ifrå seg plassen har 1. prioritet. Er der ledige plassar på partia blir det opna for nye turnarar å melde seg på. På 1.-3. klasse hadde vi håp om å få til 2 parti som var parallellt i 2 salar. Pr no har vi for lite trenarar og pågangen for halltid i Firdahallen gjer at vi ikkje får til dette frå starten av sesongen. Dei yngste partia blir begrensa til ca 20 stk.  Frå 4 klasse og oppover blir partia noko større, dette bør gå bra om turnarane føl med og høyrer på trenarane. 

Turnarar som lagar uro for resten av turnarane vil bli bortvist frå trening - ved gjentaking for rest av sesong utan refundering av treningsavgift. Turnarar som ikkje har betalt deltakaravgift kan ikkje vere med på turnparti.

Konkurransepartiet er tenkt for dei som ynskjer å satse på turn og blir på tvers av dei eldste aldersgruppene, påmelding kjem vi tilbake til om dette blir realisert.

Om fleire foreldre melder seg som trenarar og vi får meir tilpassa halltid vil vi opne for påmelding til  2.partia på 1.-3. klasse.

Om du ikkje får plass på det partiet du ynskjer, velg venteliste og skriv kva parti du ynskjer. Trykk registrer - det vil ikkje kome epost som kvittering. Ventelista vil vere utgangspunkt om vi får til fleire parti eller om nokon sluttar på hovedparti.

Registrer navn i skjema, dei fleste som har vore med tidlegare vil få beskjed om allereie registrert brukar - navnet kjem opp til høgre for registreringskjema og ein kan klikke på dette for å gå vidare.

Velg parti utifrå klassetrinn: 1. -7. klasse har berre eit valg, 8. klasse og eldre kan velge 2 dagar i veka om dei ynskjer å delta på begge dagane.

Sjekk at du har valgt rett klasse og dag, at summen er riktig - trykk knappen MAKE PAYMENT/TIL BETALING då har du 15 minutt på å betale med Visa eller Mastercard. Ikkje stress, du har god tid. Følg instruksjonen vidare til Nets betalingsvindu. Når du får bekreftelse på at du har betalt er du påmeldt. Du vil og få ein epost med bekreftelse.

MERK: Deltakarbekreftelse KAN ende opp i søppelposten, gjer vel og sjekk denne etter registrering. For dei som skal vere med på trening 2 gongar i veka må ein hake av for registrering på begge dagane.  Du vil sjå på alle parti kor mange ledige plassar der er og kor mange som har registrert seg.

Skulle turnaren ha sjukdomar eller liknande ( f.eks. Epilepsi) som gjer at trenarane må vere oppmerksom ved anfall eller liknande. Ta kontakt med trenar direkte når turnaren er påmeldt.

 

Start Date
16.10.2017
Start Time
16:00
End Date
07.04.2018
End Time
17:00
Place
Turnhallen
Due Date
31.01.2018
Firstname
 
Lastname
Email
Mobile
Address
Zip Code [4 digits]
Place
Birthdate [dd.mm.yyyy]
Gender Girl   Boy
Comments

Sandane Turn og Idrettslag
Postboks 157
6821 Sandane
post@sandanetil.no

Organisasjonsnummer 971 366 494

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift