Sandane Turn og Idrettslag

STIL sitt verdigrunnlag

STIL sitt verdigrunnlag

 

STIL SITT VERDIGRUNNLAG

Idrettsglede for alle: idrett skal vere moro og til glede for både utøvarar, trenarar, styremedlemmar og føresette.

Idrett for alle: alle skal oppleva seg velkomne og inkludert i STIL.

Likeverd: alle som er med i STIL er like mykje verd.

Vi skal følgje retningslinjene frå Noregs Idrettsforbund.

 

Idrettens barnerettigheter med utviklingsplan

Barneidrett er idrettsaktivitetar for barn til og med det året dei fyller 12 år. Idrettens barnerettigheiter gjeld for alle barn, utan forskjellsbehandling ogutan omsyn til barnets og barnets foreldres kjønn, etniske bakgrunn, livssyn, seksuelle orientering, fysiske utvikling og funksjonshemming.

  1. TRYGGLEIK: Barn har rett til å delta i eit trygt treningsmiljø, fritt for utilbørleg press eller utnytting. Skader skal førebyggast. Barn under 6 år skal ha med seg ein vaksen på aktivitetane. 
  2. VENNSKAP OG TRIVSEL: Barn har rett til å delta i trenings. og konkurranseaktivitetar der det er lagt til rette for at dei skal utvikle venskap og solidaritet. Trivsel gjev grobotn for læring og læring gjev grobotn for trivsel. 
  3. PÅ BARNA SINE PREMISSAR: Barn har rett til å delta i trenings- og konkurranseaktivietar som er tilpassa deira alder, fysiske utvikling og modningsnivå.
  4. MEISTRING: Barn har rett til å oppleve meistring og lære mange ulike ferdigheiter. Dei skal også ha mogelegheiter for variasjon, øving og samspel med andre.
  5. PÅVERKNAD: Barn har rett til å seie meininga si og bli høyrde. Dei skal ha mogelegheit til å vere med på planlegging og gjennomføring av eigen idrettsaktivitet saman med trenarar og føresette.
  6. FRIDOM TIL Å VELGJE: Barn har rett til å velge kva idrett, eller kor mange idrettar, dei vil delta i - og bestemmer sjølv kor mykje dei vil trene.
  7. KONKURRANSAR FOR ALLE*: Barn har rett til å velge om dei vil delta i konkurransar eller ikkje, og ha like mogelegheiter til å delta. Barn som melder overgang frå ein klubb innan same idrette skal ha full rett til å delta i konkurransar for ein ny klubb straks overgangen er registrert. 

* NIF vil påpeike viktigheita av å s jå punkt 7 i drettens barnerettigheiter i samanhang med særidrettane sin konkurransepraksis. I punkt 7 heiter det: "Barn har rett til å velge om dei vil delta ikonkurransar eller ikkje, og ha like mogelegheiter til å delta". Det vil seie at også barn som ikkje ønsker å delta ikonkurransar skal ha like tilbod om trening som andre. 

 

BESTEMMELSAR OM BARNEIDRETT

  1. Med barnidrett meiner ein idrettsaktivitetar for barn til og med det året dei fyller 12 år. 
  2. For konkurransar i barneidretten gjeld følgande: 
  • Barn kan delta i lokale konkurransar og idrettsarrangement frå det året dei fyller 6 år og først og fremst i eigen klubb
  • Det kan nyttast resultatlister, tabellar og rangeringar i konkurransar for barn frå det året dei fyller 11 år, dersom dette er føremålstenleg. 
  • Barn kan delta i regionale konkurransar og idrettsarrangement frå det året dei fyller 11 år.
  • Barn kan frå det året dei fyller 11 år delta opne (dvs ikkje krav til kvalifisering) idrettesarrangement i Norge, Norden og Nordkalotten.
  • Barn frå nordiske land og Nordkalotten kan frå det året dei fyller 11 år delta på konkurransar og i idrettsarrangement i Norge.
  • Alle barn skal få premie i eit idrettsarrangement dersom premiering skjer.
  • Barn til og med det året dei fyller 12 år kan ikkje delta i meisterskap som NM, EM og VM (og tilsvarande nasjonale og internasjonale meisterskap/cupar).
  • Særidrettslag som organiserer barneidrett skal oppnemne eit styremedlem ansvarleg for barneidretten.

Sandane Turn og Idrettsforening
Postboks 157
Sandane 6821
Post@sandanetil.no

Organisasjonsnummer 971 366 494

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products