Sjette løp i vinterkarusellen er unnagjort

Om lag førti trimmarar stilte til start på vinterkarusellen sjette løp denne sesongen. Det var noko vått og surt, men det stoppa ikkje den fine gjengen med trimmarar som stilte til start denne januarkvelden.

Den fine vinteren snudde om til regn denne dagen, men det vart eit bra vinterkaruselløp likevel. Omlag førti løparar til start i dette ruskete veret, er ei heilt grei deltaking. Som vanleg var det ein fin miks av personar i ulike aldrar av begge kjønn.

Det var deltakarar frå Hatlestrand til Norheimsund. Etterpå var det som vanleg trekking av gåvepremiar. Anne Christin Børsheim vann den gjevaste som var eit gåvekort på kr. 500,- til bruk på Mo Sport. SIL-løparane Knut Øystein Fosse, John Olav Måge og Lars Måge var dei fyrste mennene i mål. Blant kvinnene kom Rita Gjerde, Irene Myrvold, Hanna Øygard og Irene Tangerås fyrst. Uansett er det trimmen og mosjon som er det viktigaste på vinterkarusellen uansett plassering over mål. Idrettslaget er svært glade for dei som vil delta, og dette er eit fint mosjonstilbod som høver for alle.

Neste løp vert tysdag 13. februar. Då er ein allereie komen fram til sesongens nest siste løp. For å gjennomføre vinerkarusellen, må ein delta på minst fem av dei åtte løpa. Då får ein vinterkarusellmedalje og ein er med i trekking om fine gåvepremiar. Hovudpremien er eit gåvekort på kr. 2000,- til bruk hjå Mo Sport i Norheimsund.

Resultat 6. løp 2017/18. 23. januar 2018

Linda

Antonesen

28,32

Renate

Bakkely

35,13

Håkon

Berge

22,55

Anne Christin

Børsheim

24,31

Hans Arne

Børsheim

22,56

Liv Berit Bru

Eide

22,08

Frode

Espeland

19,25

Elisabeth

Fosse

23,08

Kitty Marie Håbrekke

Fosse

23,20

Knut Øystein

Fosse

15,43

Tor Henrik

Fosse

23,20

Vilde Bakkely

Fugleberg

36,22

Rita

Gjerde

19,57

Grete

Hjertaker

27,43

Adrian Klever

Kåreid

34,41

Elly

Lauritsen

45,30

Fillip

Lauritsen

45,30

Kristoffer

Lauritsen

47,12

Arthur

Lillefosse

25,49

Gunnar

Mundheim

32,43

Irene

Myrvold

20,03

Amalie Svåsand

Måge

25,26

John Olav

Måge

15,49

Lars

Måge

17,16

Ove

Måge

19,13

Solveig

Måge

40,00

Sondre Svåsand

Måge

18,52

Veronika

Måge

26,59

Agnethe Fosse

Rise

33,07

Frans

Sekanina

34,20

Rino

Sekanina

34,20

Siril

Sundfjord

36,22

Elisabeth

Svåsand

24,45

Silje

Svåsand

29,02

Irene

Tangerås

21,18

Håkon

Tveit

24,03

Vienna Fosse

Vik

34,50

Hanna

Øygard

21,17

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift