Strandebarm IL

Friidrett

Friidrett

NM Terrengløp 2017 korte løyper vert arrangert i Strandebarm 1.-2. april 2017.

Påmelding
 kan ordnast ved å trykke på denne linken:
https://signup.eqtiming.no/?Event=strandebarmil

Dersom du har problem med påmelding, so ta kontakt med Strandebarm Idrettslag. Alle skal med her uansett evt klur med EQ Timing som har ansvar for påmelding, deltakarlister og tidtaking.


Påmeldingsfrist:
26.mars 2017.
Det er same påmeldingsfrist for alle konkurransane inkl. stafettane på sundagen.

Transport til Strandebarm
Dersom ein kjem til Strandebarm via Bergen Flesland Flyplass er det enklaste å leige bil på Flesland. Det er òg råd å nytte busstransport; enten Flesand, Bergen Strandebarm, eller Flesland - Nesttun - Strandebarm. Dersom ein treng hjelp til transport kan ein kontakte Strandebarm Idrettslag for assistanse. 


Kontaktinfo for Strandebarm Idrettslag:
Knut Øystein Fosse      knof@kvam.kommune.no    91618769
Sverre Sørnes,             svesor@msn.com               91142916
Johannes Skogseide Børsheim, jborsheim58@hotmail.com       46907372


Overnatting
Strandebarm Sportell ligg berre nokre få meter frå NM-løypene.
Strandebarm Idrettspark med garderobane til NM løypene samt friidrettsbane og joggeløype ligg også berre få meter frå Sportellet.


Kontaktinfo for Strandebarm Sportell:
Epost: post@strandebarmsportell.no   (eventuelt: sverresnor@netscape.net) 
Tlf
: 56 55 14 50
Mob: 911 42 916, 915 53 336, 

 

Tidskjema

Laurdag 1. april

1300: Opning

1315: 2 km J15 – J16 – J17

1335: 2 km G15 – G16 – G17

1355: 2 km kvinner junior

1415: 2 km menn junior

1430: Premieutdeling

1445: 2 km kvinner senior og veteranar

1505: 3 km menn senior

1530: 3 km menn veteranar

1545: Premieutdeling

 

Sundag 2. april

1200: Stafett kvinner senior (klubblag, «sprintstafett»)

1300: Stafett menn senior (klubblag, «sprintstafett»)

Stafettlaga består av to løparar som spring vekselsvis tre rundar kvar i den 1 km lange løypa. Dvs at den som byrjar spring 1,3 og 5 etappe, medan den andre løparen spring 2,4 og 6 etappe. Tilsaman 6 km der kavr spring 3 km kvar. 

 

 

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Friidrettsgruppa har treningar for born og unge i idrettshallen på Strandebarm Skule måndagar og torsdagar, på tidspunta som er synte nedanfor.


Måndagar 8. klasse og eldre kl 19-20 
Torsdagar
5.-7. klasse  kl 18-19, 8. klasse og eldre kl 19-20.  

8. klasse og eldre bør varme opp ein halvtime ute med jogging før start kl. 20. treningane inne for desse er for det meste sirkeltrening. Yngste partiet frå 5.-7. klasse har diverse alsidig trening. Hvis du har spørsmål kontakt : Knut Øystein Fosse (91618769)

Aerobic:​
Måndagar kl 20-2115 i idrettshallen. God og allsidig aerobictrening som høver for alle nivå. Kjempekjekk trening med fart i. Kom og bli med! 


Vinterkarusellen 2015-216
Vinterkarusellen starta opp att tysdag 13. oktober. Neste løp er tysdag 3. nov. kl. 19. Alle løpa vert arrangerte tysdagar kl 19. Løypa er 4 km lang. Start og mål er på Strandebarm Idrettspark. Der er det også garderobar og wc tilgjengeleg. Datoane for sesongens vinterkarusell er:

2015: 13. okt, 3. nov, 24. nov, 15. des
2015: 5. jan, 26. jan, 16. feb, 8. mars



 

Strandebarm Idrettslag
Tangeråsneset 18
5630 Strandebarm

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products