Strandebarm IL

Trim

Trim

Orienterings-/trimgruppa har fylgjande tilbod:
Trimbøker
​Turorientering
​Fjelltrim
 

FJELLTRIMMEN
Fjella som er med er desse:
Tveitakvitingen, 1299moh, 18 poeng
Vesoldo, 1046 moh, 10 poeng
Kråkenos, 814 moh, 8 poeng
Daurmålseggji, 807 moh, 7 poeng, 
Grånut, 595 moh, 6 poeng
Haukåsfjellet, 661 moh, 4 poeng
Fagrafjell, 677, 5 poeng

Skriv namnet ditt i boka som er plassert i ein boks i varden. Det kan også være andre idrettslag som har trimbøker på nokre av toppane. Strandebarm IL sine bøker er merka med Fjelltrim SIL. Når bøkene vert tekne ned att om hausten, registrerar idrettslaget alle som har minst fem toppar, og lagar liste med dei beste poengsamlarane. 

Merke og pokalar i Fjelltrimmen vert utdelt etter statuttane nednafor. Dei tre fyrste merka opp til fem år, kostar kr. 50,- Resten av pokalar o.l. frå 6 år, er gratis.  

1 år - Fjelltrimmerket i bronse
​3 år - Fjelltrimmerke i sylv
5 år - Fjelltrimmerke i bronse
10 år - Pokal 10 cm
15 år - Pokal 15 cm
20 år - Pokal 20 cm
25 år - Pokal 25 cm
30 år - Stort diplom
40 år - Krus

​Bøkene er i år utplasserte slik:
14. mai - 9. oktober. Daurmålseggi, Haukåsfjellet, Grånut
22. mai - 9. oktober. Fagrafjell, Kråkenos, Vesoldo
12. juni - 25 september. Tveitakvitingen

Spørsmål om Fjelltrimmen kan rettast til Gunnar Tufta, tlf: 90641406, 56554150

Strandebarm Idrettslag
Tangeråsneset 18
5630 Strandebarm

©2017 123klubb for effektiv klubbdrift leveres av KX Products