SK Nord

Om Turneringen

Den populære Spar Haga turneringa inkluderer  i år gutar og jenter i frå 9-11 år. Det vil bli ein rein 7er turnering med følgande klassar:

Minijenter   9 år – MJ9
Minigutar   9 år – MG9
Småjenter  10 år – LJ10
Smågutter  10 år - LG10
Småjenter   11 år - LJ11
Smågutar   11 år - LG11

 

Alle lag får minimum 4 kampar kvar, samt alle kampane på ein dag. Me prøver å leggja det opp slik at lag som kjem langvegs ifrå ikkje spelar kampar tidleg på dagen. Vidare vil me tilstrebe eit komprimert kampprogram, slik at ventetida blir redusert til eit minimum. Kampane blir 2 x 13 minutt.

Vanlege sjuar-reglar vert følgde, bortsett frå speletid på kampar.

Kampar vil bli spelt på laurdag 22. september kl 10-18 og sundag 23. september kl 10-18 i Prestegardskogen idrettspark.

Me har kapasitet til mellom 40 og 50 lag frå heile Sunnhordaland, Rogaland, Voss og Bergensområdet. Utanom kampane prøver me å leggja opp til ei fin sosial ramme for både born, trenarar og foreldre. Det vil vera ulike aktivitetar, sal av pølse, graut, kaker, brus, is etc. Om veret er bra blir det grilling ute.

Sport 1 Stord vil ha stand begge dagane- med mange gode tilbod!

Priser: Lagsavgift kr. 800 per lag (ingen deltakaravgift pr. spelar).

Det er ikkje avklart kva dag dei ulike klassane skal spela på. Det vil være avhengig av kor mange lag som er påmeldt i kvar klasse. Når me nærmar oss utløp for påmeldingsfrist vil det bli sendt ut informasjon om dette.

Påmelding og betalingsfrist er satt til 14. september.

Kontonummer: 3520.07.19237. 

Betalinga merkes "Spar Haga cup 2018 + lagnamn".

 

 

 
 

Kontaktperson: Egil Grov

E-post: egilgrov@hotmail.com