Bli med på «Kom deg ut dagen» søndag 3. februar

Tjørvåg IL - Trimgruppa og Turstiprosjektet arrangera denne dagen tur og familiedag ved Djupvikvatnet / Pemarka. Vinterrebus og konkurransar. Du finn meir her.

Søndag 3. februar mellom kl 12:00-15:00 blir det «Kom deg ut dag» i Myrvåg.

Kiwi sponsar premie til alle som deltek. 

 Pemarka

 

Start og registrering på «Pemarka» ved Djupvikvatnet. (Parkering der forsamlingshuset tidlegare stod. Det er lite parkering lenger inne).

Dagen er for alle, store som små. Vi har fleire turmål som passar for både born, familiar og vaksne som har lyst å gå ein tur denne dagen. Vêrmeldingane er fine.  

  • Det vert rebus over Dupvikhaugen for born/familar.  Husk å ta med penn. Du får utdelt rebus ark.
  • For dei som ikkje ynskjer å gå rebus er det ein fin tur langs Djupvikvatnet og til Halsen 
  • Frå Halsen kan ein gå på Djupvikhaugen (500 m) evt rundtur Djupvikhaugen. For dei som vil ha litt meir utfordring er Huldrehornet eit fint turmål.
  • Vi tenner bål/bålpanne på Pemarka så dei som vil kan ta med å grille og kose seg. Der er nokre bord, men ta med noko å sitte på.
  • Aktivtet på «Pemarka». Kanskje blir det konkurransar? Premiering.
  • Alle som deltek er med på trekking av ein premie sponsa av InterSport, Ulsteinvik. (Husk å registrer deg på Pemarka).

Inviter med deg familie og venner og bli med på «Kom deg ut dagen». Her er tur for alle aldrar, og ikkje berre for dei med born.  

Du finn meir info om arrangementet ved å gå inn på hendinga på Facebook. https://www.facebook.com/events/2363411403941293/

HÅPER Å SJÅ DEG!

er sponsor til Trimgruppa i 2018 og 2019 og til arrangementet.

Kiwi har fokus på «Sunnhet til folket». Godt kosthold og mosjon er viktig for folkehelsa.  Trimgruppa ønsker å bidra til dette ved å gi tilbod om aktivitet for både store og små. Ved å ha med Kiwi som sponsor kan vi ilag gje «Sunnhet til folket».

Andre premiar er sponsa av:

InterSport, Ulsteinvik 

Sparebank 1, Søre Sunnmøre. 

Djupvikhaugen

Rebusløp

Sponsorar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift