Vi treng nye folk til styret i Barneidretten!

Barneidretten i STIL er på leit etter nye styremedlemar.

Fleire av styremedlemane i Barneidretten har vært medlemar over lang tid og vi treng friske krefter inn i styret. Barneidretten er ei lita gruppe i STIL og hovudoppgåva til styret er å tilrettelegging for aktivitet/treningar for barn frå 3-6 år. Barneidretten består i dag av 4 personar (ønsker 5 personar), så dei nye kjem inn i eit styre saman med medlemmar som har vore med nokre år, og som kjenner dei ulike behova i barneidretten.

Vi håper det finnes nokon der ute som kan tenke seg å ta på seg dette vervet, og som ynskjer å bidra til at vi framleis kan halde fram med å la barneidretten vere eit attraktivt tilbod for dei yngste barna i STIL.

Vil du bidra, eller kjenner du nokon som kan passe til eit slikt "dugnadsprosjekt" - ta kontakt med leiar i Barneidretten.

Ragnhild Gundersen: 928 60 218


©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift