Inkludering i idrettslaget

Gjelleråsen idrettsforening arbeider daglig med inkluderingsutfordringer.

Gjelleråsen idrettsforening arbeider daglig med inkluderingsutfordringer.

  1. Korleis kan vi legge til rette for deltaking uavhengig av funksjonsevne, alder, etnisitet og økonomi?
  2. Kva kan vi gjere for å unngå å vere sosialt ekskluderande?
  3. Gjer vi nok for å vere åpen og inkluderande for alle?

Idrettslaget har lenge arbeidet med åpenhet, inkludering og integrering. Vi starta med spesifikke prosjekt retta mot etniske minoritetar, innvandrarar og flyktningar. Etter kvart har det imidlertid vist seg at det gjennomgåande arbeidet vi gjer i klubben har blitt integreringsprosjekt utan at vi heilt har vore klar over det. I Gif er det mange trenarar, leiarar og utøvarar som tilpassar, og legg til rette for, idrettsaktivitetar for å inkludere og skape rom for flest mulig. Slike «integrasjonsprosjekt», som i utgangspunktet ikkje er integrasjonsprosjekt, viser seg å vere dei mest vellykka. Her har spesielt fotballgruppa gjort ein kjempejobb.

Idretten er ganske lik over landegrensene. Den løftar seg over kulturelle hinder, er ikkje avhengig av felles språk, men er ein felles møteplass som skapar samhold og vennskap. Fotball er fotball, uansett om det er i Syria eller i Norge. Boksing er boksing, om det er i Kongo eller i Frankrike. Det er dette som gjev idretten ein unik posisjon når det gjeld sosial inkludering og integrering.

Norges Idrettsforbund og idrettskretsen kan gje økonomisk støtte til idrettslag for å drive aktivitetstilbod for flyktninger og innvandrarar lokalt. Eit viktig sentralt tiltak som vi har nytta oss av, og hatt god nytte av, i integrasjonsarbeidet som eit bidrag til å gje flyktninger og innvandrarar ein litt betre kvardag i eit litt framandarta land. Men det er til sjuande og sist dei lokale idrettslaga som gjer – og må gjere - den store innsatsen.

I eit intervju med Bodø Nu, fortel unge asylsøkjarar, som er aktive i Bodø Bokseklubb, at det er viktig for dei å få delta i idrett; «vi blir kjende med den norske kulturen på nært hold», «vi lærer språket», «vi bli kjent med nye folk».

Alle disse faktorene er viktige for å bli integrert i samfunnet og med det som utgangspunkt vil vi i Gjelleråsen idrettsforening legge til rett for og ønske ALLE velkomne til oss for å vere med på alle aktivitetane vi kan tilby: fotball, innebandy, klatring, ski, svømming, turn og Storby med bl.a bordtennis, boksing, volleyball og handbak.

Ta kontakt med

  • Raymond Johansen i fotball@gif.idrett.no , telefon 906 36 573
  • Sven G. Reme i Storby@gif.idrett.no , telefon 951 97 440

Sponsorer

GIF - Shop

Grasrotandelen

Kjøp Toa/Tørk - Støtt din gruppe!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift