Mykje folk på idrettslagsbasaren

Strandebarm Idrettslag sin årlege basar vart halden på skulen den siste sundagen i november. Det var også i år mykje folk og svært fine gevinstar. Som vanleg på basarar i Strandebarm møter folk opp i alle aldrar frå dei yngste til dei eldste.

Godt loddsal
På førehand var det selt ein god del loddar rundt om ute i grendene. Dei to siste helgane hadde det også vore loddsal på Coop`n på Tangerås og hjå Joker Omastrand. Ein god del gevinstar vart gjevne frå privatpersonar til medlemar i basarnemnda, eller dei vart lagde i gevinstkassane som stod ute i butikkane i Strandebarm. M.a. kom det inn nydelege broderi hekla av den spreke hundreåringen Helga Gjerde frå Oma. Tusen takk til alle folk som gav gevinstar til idrettslagets basar!

Handle lokalt!
Mesteparten av gevinstane kom inn frå verksemder på strekninga Eikelandsosen - Øystese. Bedrifter og butikkar var svært gavmilde og bidrog med masse vakre gevinstar og gåvekort til basaren. Verksemdene er avhengige av bygder med aktive folk og aktive organisasjonar som vil gjere lokalsamfunna til levande miljø og til gode plassar både å vekse opp bu i. Men folka som bur her og organisasjonar som t.d. Strandebarm Idrettslag, er også avhengige av eit levande næringsliv med aktive butikkar og verksemder. Difor oppmodar idrettslaget alle om å handle lokalt og støtte lokale verksemder attende, slik som dei støttar oss, t.d. slik dei har gjort gjennom denne basaren. Den beste sørvisen med dei beste tilboda får du hjå dei lokale bedriftene og butikkane Difor oppmodar me: Handle lokalt!

Utdeling av premiar
Orientering-/trimgruppa, fotballgruppa og friidrettsgruppa hadde no ved slutten på sesongen utdeling av premiar til utøvarane. Fjelltrimmen hadde rekord i år både i antal besøk og i antal personar som vitja minst fem toppar. Den  flittigaste poengsamlaren var Ove Måge, som fekk premie av Gunnar Tufta. I tillegg var det premieutdeling til dei som hadde 10-, 15-, og 25-årsjubileum i fjelltrimmen. Trimbøkene er ute frå tidleg om våren til seint på hausten. Trimgruppa hadde også trekt ut ein premievinnar på kvar av desse bøkene. Etterpå hadde fotballgruppa utdeling av vakre premiar til alle sine spelarar. Friidrettsgruppa delte ut diplom til rekruttane og glasvasar til dei eldre utøvarane.

Mykje sal av årar
Det vart gjort unna fem åresal, med mange fine gevinstar på kvart av åresala. Praten gjekk som vanleg livleg, og folk kosa seg på basaren. Det var kaker med kaffi, te eller saft til alle. Siste post på programmet var trekking av loddbøkene. Gevinstar for over tjue tusen kroner vart trekte her, og dei heldige vinnarane er synte nedanfor.

Takk til alle
Basaren hjelper idrettslaget til å halde oppe og utvikle alle dei gode tilboda for folk, og å ivareta anlegg og fasilitetar. Omsetnaden etter årets basar vart kr. 132 770,- Basaren er èin av dei tre viktigaste inntektskjeldene til idrettslaget. Dei to andre er grasrotandel og medlemskontigent. Strandebarm Idrettslag takkar alle privatpersonar og verksemder som har gjeve gevinstar til basaren! Tusen takk til alle som har kjøpt loddar og årar til årets basar!

Vinnarar på bøkene:
1. Reisegåvekort, Berg Hansen Arriva - kr. 5000,- Astrid Pedersen
2. Sykkel, Mo Sport - kr. 4000,- Ingvar Oma
3. Sykkel, Mo Sport - kr. 3000,- Ole Jakob Berge
4. Gåvekort, MX Sport - kr. 3000,- Audun Tangerås
5. Gåvekort, MX Sport - kr. 3000,- Ingunn K Riise
6. Gåvekort, FK-Butikken - kr. 2000,- Håvard Sørnes
7. Gåvekort, Krambuå - kr. 1000,- Svein Birkenes
8. Gåvekort, Joker Omastrand - kr. 500,- Bernhard Ljones
9. Gåvekort, KV Teknikk - kr. 500,- Lars Kjosås
10. Gåvekort, Evas Bakeri - kr. 300,- Magdalena Tischer

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift