Jan Olaf Hareide vart i kveld heidra med Frivilligprisen i Herøy

Det var ein overraska Jan Olaf som fekk denne flotte prisen under fotballfesten i kveld. Du kan lese meir her.

Foto Herøy Frivilligsentral

I kveld under Fotballfesten til Tjørvåg IL vart Jan Olaf Hareide overraska og heidar med frivilligprisen i Herøy. Ingen ringare enn ordførar Arnulf Goksøyr og Fred Hansen frå Møretrygd overrekte frivilligprisen på Tjørvåg Bedehus.

I grunngjevinga til prisen vart det sagt: "Prisen får han for sitt mangeårige brennande engasjement for idrettslaget - vel fortent! "

Tjørvåg IL GRATULERAR og takkar for den jobben Jan Olaf har lagt ned i Idrettslaget gjennom mange år. Han har gjennom desse åra hatt mange verv og har også sitte som leiar i idrettslaget. 

Du kan lese meir her :https://www.facebook.com/frivilligheroy/

Og sjå film frå udelinga her: https://www.facebook.com/frivilligheroy/videos/576388816140473/

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift