VINNARAR AV FJELLTRIM 2018

No er det klart kven som er vinnarar Trimgruppa sin fjelltrim 2018. Har du vunne? Sjekk her.

foto@elin18

Fjelltrimmen for 2018 er no avslutta. Vi har i 2018 hatt 14 turmål i Myrvåg og Tjørvåg. 2 av desse, Djupvikhaugen og Rysseviktua var nye i vår.

Ca 8 500 har skrive seg i bøkene. Det vil sei, vi har ein del som skriv både 2 og 3 namn på same linje så då får vi ikkje telt alle. Vi veit også at fleire går utan å skrive seg i boka. Talet er derfor høgare enn det vi har registrert og telt.

For oss er det viktig at alle skriv seg i boka når ein besøker turmål. Når vi søker midlar til prosjektet og trimgruppa er dette tal som tel i ein søknad. Oppfordringa er derfor at alle skriv seg i boka og at ein brukar eit namn pr linje. Hund er ok å dele med eigar. smiley

Rambjøra og Skåla er dei med mest besøkte i 2018. Desse 2 var også med på Herøy 10 på topp i år. Her er det trekt ein ekstra premie.

Vi har mange flott turmål, men vi ser at nokre er lite besøkt. Dette ynskjer vi å gjer noko med i 2019. Vi har derfor som mål at Nakken (Djupvika), Nonshornet og Øyrahornet får dobla antal besøkande i 2018. I år har desse hatt litt over 100 besøkande. Alle desse 3 toppane har flott utsikt og utgangspunkt for ein lenger tur (Nakken og Nonshornet). Vi håper dåkke vil hjelpe oss med det. smiley

Du finn meir info om desse turane og andre turar på Facebookgruppa vår https://www.facebook.com/groups/1648047775411894/  - under bilder og album.

Her er vinnarar 2018. Ber om at de teke kontakt for henting av premie. Elin 91852534 eller på PM Facebook. 

Takk til årets sponsorar, Tussa, Metizoft AS, Arbiro AS, Herøy Kino, Havyrd for fine premiar. 

TRIMGRUPPA GRATULERER ALLE VINNARANE!! 

 

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift