Kretsmesterskap på Eid 3.-4. November

3.-4.November vart det arrangert kretsmesterskap i troppsgymnastikk på Nordfjord Eid. Fleire idrettslag stilte med troppar, og det vart ein jamn og tøff kamp om plasseringane. Sandane stilte med både rekrutt mix, junior mix, junior herrer og senior herrer.

Rapport og foto frå Dina Rygg Eide: 

På laurdagen var det trening og oppvisning for rekruttane. Her stilte Sandane med to troppar i både tumbling og trampett. «Sandane 2» stakk av med bronsemedalje i tumbling, men inga plassering på trampett. Uansett hadde ungane ein kjekk dag med mykje lærdom og moro. Dei seier det er kjekt å sjå troppar frå andre stadar som driv med det same som dei, nettopp turn! 

Idrettsgleda var på topp frå morgon til kveld og det var ekstra stas å kunne komme heim med deltakarmedaljar og ei god oppleving frå KM. 

På søndagen var det dags for junior og seniortroppane. Her stillte Sandane med junior mix, junior herrer og senior herrer. Kampen var hard mellom nokre av troppane, der blandt anna Sandane og Årdal låg tett i poengsummar. Likevel stakk Junior herrer av med sølv på tumbling og Senior Herrer tok gull i både trampett og tumbling. 

Troppane er fornøgde med innsatsen og kan sjå fram til eit nytt KM i Februar. 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift