Minihandballturnering i Trivselshallen

Komande søndag,11.november,brakar det laus i Trivselshallen. 45 lag,med gutar og jenter mellom 6 og 9 år,skal møtast denne dagen.

Det skal spelast til saman 44 kampar,og laga kjem frå heile Nordfjord,Turneringa startar kl.11 og siste kampar spelast kl.16. STILhandball står som arrangør. Vi stiller med kafe i 2.etg,,med mykje godt.Inngang er gratis

Håpar mange tek turen innom denne dagen,for å få med seg mykje idrettsglede og moro,og ikkje minst støtte opp om handballgruppa på Sandane.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift