Rekordras på Fitjardalten

God deltaking på den 37. Fitjardalten, trass surt haustver. Og jammen fekk me ny løyperekord i både dame- og herreklassen.

Til trass for surt haustver med mykje regn så stilte over 130 små og store til start, det være seg turmarsj, minidalt eller løp på tid. 

Veldig gledeleg å sjå så mange unge deltakarar, både i løp og i turmarsj. Yngre junior var den klassen på både dame- og herresida som samla flest deltakarar. Kanskje er det team Ingebrigtsen som inspirerar dei unge til å løpe?

Tidlegare vandrepokalvinnarar Lars Lunde og Nina Aarbø Olsen stilte begge til start, og det var knytt spenning til om dei igjen skulle stikke av med nye napp. Lars var optimist før start etter å ha hatt ei god tid dagen før under Djupadalten i Haugesund. Og me fekk sekundering etter berre 2 km på at han låg godt an.

I mål var han suveren vinnar, med tida 19.02, noko som er ei forbetring av eigen løyperekord på heile 34 sek! 

På kvinnesida kom det ei ny utfordrar til Nina. Malene Njåstad frå Gular tok ei tidleg leiing på kvinnesida, og kom i mål heile 40 sek raskare enn tidlegare rekord. 

Blandt dei yngste var me imponert over både deltakartalet og dei gode resultata. Mange som persa seg med fleire minuttar. Kanskje mest imponert var arrangøren av 11 år gamle Elias Skålevik som kom i mål på tida 24.31, heile minuttet foran nestemann på lista. 

I år gjekk 10% av startkontigenten til "Aktiv mot kreft". Marit Nitter fortalde litt om kva organisasjonen arbeider for under premieutdelinga. Opptreningsforhold for kreftpasientar er viktig for å kome tilbake i god form etter lang tids sjukdom. Idrettslaget håpar pengane kjem godt med i arbeidet vidare. 

For detaljert resultatliste, klikk her

                                 

Vinnar dameklassen, Malene Njåstad       Eirik i fint driv              Halvor i rygg på Nina            Lars Lunde i mål

 

          

Start Fitjardalten                                                          Start minidalten                                                        Elias Skålevik imponerte stort

 

Alle bilete, Victor Aga og Elisabeth Livastøl

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift