Satelittsamling for 5 J12 spelarar frå Tjørvåg IL

Laurdag hadde jentene si fyrste trening i Ørsta. Du kan lese meir her.

Frå venstre Elvira, Emma, Melina, Oda og Selma 

Satelittsammling er eit tilbod frå Sunnmøre Fotballkrets til alle 12 åringar som er motivert til ekstra trening. For jenter er det 5 satelittpuljer på Sunnmøre - Ørsta, Hødd, Herd, Valder og Blindheim.

Fem spente jenter frå Tjørvåg sitt 12 års lag var idag på plass i Ørsta på den aller fyrste samlinga.

Frå 1. november vert det treningar kvar torsdag fram til jul. Det skal også spelast kamp mot Satelittlaget frå Hødd før juleferien og ei større turnering i mars mot alle dei andre satelitt puljene.

Rune Johnsen er motiverande trenar for satelitt Ørsta, med seg har han med seg ein assistent trenar og keepertrenar frå Ørsta sitt a-lag.

Samlinga bestod av jenter frå Ørsta, Hovdebygda, Volda, Sunnylven, Hødd og Tjørvåg.

Ein spennande vinter for jentene våre!

 

Referat og bilde Evy Anita Storøy

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift