Torbjørn takkar for seg

Torbjørn Gran gir seg som trenar for Sandane sitt A-lag, men det blir heldigvis ikkje det siste klubben ser til trønderen, som gjennom sine år i Sandanefotballen har gitt innhald til begrepet "å blø for laget". Gran er også mannen som har NM-medaljar i badminton, ungdomslandslagsspel for Norge i same idrett, som rockar Norge i bandet "Kokken Tor" og som av alle ting har valgt å bruke talentet sitt til å gje STIL engasjement, vitalitet og tiltrengt styrefart til vidare klubbutvikling.

Han har 20 år som aktiv fotballspelar i vaksenfotballen (Jølster, 3. divisjon; Sandane sine lag i 4., 5. og 6. divisjon), men Torbjørn har først og fremst via sitt liv til musikken (det kjem vi tilbake til). Debuten på STIL sitt A-lag kom seint. Han var 29 år då han og Sandane overraska alle med å vinne 3-0 over Sogndal 2 i 2012.

Same år overtok Torbjørn trenaransvaret for Sandane 2. Og -  slik spelaren Torbjørn gjerne fossar fram på bana frå sine bakre posisjonar - vart dette starten på ei i klubbsamanhang heilt uvanleg karriere. Torbjørn venta ikkje tolmodig på at den utdanningsansvarlege i klubben skulle få fingeren ut og tilby han trenarkurs. Han oppsøkte trenarinspirasjonen der den var å finne, og resultatet vart at klubben fekk sin første C-trenar på svært mange år – på rekordtid. Han vart raskt henta inn av kretslagssystemet og fekk også trenaroppgåver i kretsen. Torbjørn suste inn i klubbapparatet og vart i 2015 klubbens første trenarveiledar, med samtidige sideverv i sportsleg utval og trenaroppdrag i aldersbestemt. Og sidan har det gått slag i slag, med assistenttrenarverv på A-laget og dei to siste med hovudansvaret for A-laget, no også med UEFA B-trenarstatus.

2018 var året det skulle bli opprykk. STIL var uheldige frå sesongstart, med skader på sentrale spelarar som Eirik Rauset, Jonas Denk og Petja Cink, og seinare i sesongen også Mads Wie. Å vere STIL-trenar er å takle at laget endrar seg frå veke til veke. Det kan gjerne vere 5-6 spelarar som ikkje er tilgjengelege til påfølgande kamp.  -Erfaringa vår er at vi kan skape eit godt lag viss alle i treningsgruppa er til stades og trenar saman i vekene. Første halvåret i 2017-sesongen hadde vi ein slik situasjon: alle var på trening og var interesserte i å følge planane våre. Resultatet vart ein veldig god vårsesong.

At det ikkje vart opprykk i 2018 betyr ikkje at fotball-Sandane går i heilsvart. -Alle som såg siste seriekampen mot Stryn 2 merka seg sikkert at laget løfta seg og dominerte etter pausen.  Då sette vi inn unge spelarar, seier Torbjørn, og får presentert ein av kjepphestane sine: -Haldning og kollektiv vilje til å spele fotball trumfar det meste, meir enn individualisme, einsidig fokus på opprykk og individuelle ambisjonar.

Korleis har trenarerfaringa vore?

-Det har vore fantastisk lærerikt og samtidig knallhardt og utruleg frustrerande. Det er dagar der ein ikkje ønsker anna enn å ha heile gjengen med spelarar rundt seg, samla på bana til trening. Og så er der tyngre dagar. Det er frå topp til botn på følelsesregisteret!

Med seg i arbeidet har Torbjørn hatt Espen Aagård.  –Han har vore heilt uvurderleg, fungerer utruleg bra som trenar og er svært flink med spelarane.

Grunnen til at Torbjørn no sluttar handlar om kapasitet og tid. Arbeidet som profesjonell musikar og artistformidlar lar seg berre vanskeleg kombinere med eit trenarverv. Han har vore musikar heile sitt vaksne liv. Flaggskipet er «Kokken Tor», eit konsertband som opptrer på heile den nasjonale scena.

-Nedslagsfeltet vårt utvidar seg og vi får større jobbar enn tidlegare. Dette er ein karusell ein må hive seg på, elles stoppar det opp, seier han.

Å gå «all in» er eit kjenneteikn på Torbjørn Gran, anten det er tale om trenaren, spelaren eller musikaren. Ingen STIL-trenar har for eiga rekning oppsøkt treningsinspirasjon slik han har gjort: han har hatt hospiteringsopphald i Start (Mons Ivar Mjelde), Ranheim (Ola Bye Rise) og Skeid (Tom Nordlie), og har vore ein gjengangar på Eggens trenerskole i Trondheim. 

Og ingen hinkar av bana med eit nasebrot, ein kneskade eller ein broten arm så ofte som Torbjørn Gran.

-Kor mange ganger har du eigentleg brote den armen din?  

Torbjørn betrur oss at handleddet er brote tre gonger. Det betyr krise for ein gitarist med konsertoppdrag kvar helg. Eine året det skjedde var festivalsommaren godt i gang. Løysinga var å å klippe opp gipsen før kvar helg og teipe godt. Tredje mandagen han møtte på sjukehuset for å få lagt på ny gips, fekk han beskjed om at han ikkje fekk kome tilbake ein gong til. -Det er sjølvsagt idioti, men jobben måtte gjerast.

Alle som har sett rockemusikaren Torbjørn i aksjon på scena, tvilar ikkje: mannen har glede, driv, energi og ei musikalsk kraft som fossar fram frå scenekanten eller sceneriggen eller kvar han no har funne på å klatre.  

-Kva utfordringar ser du for klubben?

-Det er viktigare enn nokon gong at det blir arbeidd godt i aldersbestemt fotball. A-laget pr no består i hovudsak av ungdom mellom 15-20 år, og spelarane debuterer tidleg i vaksenfotballen. Viktigst for STIL no er å skulere trenarar. Då får barna ein god treningskvardag. Vi må bli veldig gode på tilbodet vårt, langt ned i alder. Og då meiner eg ikkje at vi nødvendigvis må trene meir eller spisse tilbodet til dei unge meir enn i dag. Men vi skal bli endå betre på kvalitet. STIL er gode på det i dag, men må bli endå betre.  Det handlar mykje om å få på plass gode folk i dei ulike rollene i klubben. Sandane er ein kvalitetsklubb, og klarer ein å følge opp retningslinene der, med engasjerte folk på dei rette plassane, vil ein automatiske heve kompetansen i klubben. Sjå berre på trenarane vi har, som har følgt same laget frå knøttestadiet og opp til ungdomsfotballen. 

Torbjørn forsikrar at motivasjonen for å gjere ein innsats i STIL-fotballen er der, som tidlegare. –Eg håpar å kunne dra i nokre trådar. Ønsket er at arbeidet som er påbegynt i klubben kan halde fram: -På eitt nivå handlar det om kultur og haldningar: ein møter ikkje for seint på trening, ein ber klubbdrakta med stoltheit og vi jobbar for kvarandre på laget. Kollektivet er uansett det viktigaste. Gode spelarar tilpassar seg kollektivet!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift