Velkommen til ny turnsesong!

Haustferien er over og det betyr at turntreningane startar opp att. Vi gledar oss til å komme i gang!

Timeplanen for sesongen 2018/2019 er klassevis fordelt slik:

1 klasse – Tysdag kl 17-18

2 klasse – Onsdag kl 17-18

3 klasse – Torsdag 16.30-18

4 klasse,  Parti 1 –  Måndag kl 17.30-19

4 klasse, Parti 2 – Måndag kl 1630-18

5. klasse – Onsdag 18-19.30

6. klasse – Onsdag 19-20.30

7. klasse – Tysdag 18-19.30

8. klasse – Tysdag 19.30-21

Ungdomstroppen – Måndag kl 18.30-20 og fredag kl 19.30-21

Alle treningane føregår i turnhallen og i austre del av Firdahallen i Trivselshagen Bad og Idrett. Vi ber om at alle nyttar garderobane, og tek av ytterkle og sko der.

Treningane føl skuleruta, dvs at vi trener ikkje i skuleferiane.

Vi treng fleire trenarar

Vi har framleis ein del barn på venteliste, spesielt gjeld dette 1. og 2. klassingar. Grunnen til venteliste er at vi manglar vaksne som vil ta på seg trenaransvar, før dette er på plass vil vi ikkje klare å tilby trening for alle som har lyst. Dette tykkjer vi er veldig synd, for vi skulle gjerne sett av vi ikkje hadde ventelister.

Om nokon kjenner at dei har lyst å bidra som trenarar på 1. og 2. klasse nivå vert vi svært glad om de tek kontakt med vår trenaransvarlege Muriel Evebø på mobil 92878594.

Dei som vil turne – må følge reglar!

Vi har til tider opplevd uro på treningane, dette fører til at trenarane brukar unødig mykje tid på å roe ned/hente inn. Når ein er med på turn, vert det nødvendig å stå i kø og vente på tur. Dette krev både tolmodighet og disiplin. Turngruppa har bestemt at turnarar som lagar uro for resten av turnpartiet kan bli bortvist frå trening. Om dette gjentek seg fleire gongar, vil utvisinga gjelde for resten av sesongen utan refundering av treningsavgift.

Alle som deltek på turntreningar i regi av STIL må vere STIL-medlem.

Turnarar som ikkje har betalt deltakaravgift kan ikkje vere med på turnparti.

Kva skjer i løpet av Turnsesongen?

3. og 4. november 2018 er det Krinsmeisterskap Troppsgymnastikk på Nordfjordeid, dette er for turnarar frå 6. klasse og oppover. Dei som skal delta på KM er allereie påmelde, og dei starta sesongen litt tidlegare enn alle andre. Lurer du på kva dette er, så ta gjerne turen til Eid som publikum, dette pleier vere spennande og imponerande å sjå på!

Februar 2019 – Vert det arrangert nytt KM, og dermed vert det moglegheit for fleire å delta i konkurranse.

30. mars 2019 – STIL turn sin store og årlege Turnbasar. Her får alle turnpartia vise fram det dei har lært i løpet av vinteren. Det vert også åresal, og fine vinstar å vinne. Dette er eit stort arrangement som krev stor dugnadsinnsats. Alle som har unge turnarar i hus må rekne med å bli sett opp på ulike arbeidsoppgåver knytt til basaren.

6.-7. april 2018 er det Barneturnstemne for Sogn og Fjordane krins i Deknepollen, Nordfjordhallen – arrangert av Skavøypoll turn og idrettslag. STIL turn brukar å stille på med ein stor tropp på desse stemna. Tanken er at ein skal få treffe andre turnarar frå fylket, vere sosiale i lag og ikkje minst sjå på oppvisningane til kvarandre. Dette markerer avsluttinga av turnsesongen, og er noko mange gleder seg til!

Noter datoane, og følg med her på nettsida for meir informasjon etter kvart.

Følg oss også gjerne på Facebook – Sida vår der heiter STIL TURN

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift