Blytung sesongavslutning

Sandane hadde ikkje noko å stille opp med mot eit velspelande Stryn 2.

Gjestene frå Stryn viste seg tidleg som det beste laget i dette oppgjeret. Skilnaden på dei to laga viste seg blant anna i pasningskvalitet, tempo og bevegelegheit. Legg så til at STIL jamt og trutt delte ut gåvepakkar til sine gjester. Dette skapte situasjonar på løpande band i første omgang, der Stryn 2 enkelt kunne sette ballen i mål. Det skjedde tre gonger før pausen. STIL hadde rett nok kampens første store sjanse, då Filip Pleym Mardal fekk sjansen åleine mot Stryn 2s gode keeper. 

Andre omgang såg vi eit betre STIL-lag, og kampen var jamnare. Sandanes klart beste spelar, Simon Gimmestad, måtte imidlertid kampen igjennom fram med det heilt ekstraordinære for å nekte Stryn mål.

Det vart 1-3 då Sebastian Haugen varta opp med eit strålande skot frå 18 meter. Sandane spelte seg til fleire sjansar, utan at nokon klarte å overliste Stryns keeper. I staden rakna det litt på slutten, igjen var det gåvepakkar - først frå STIL-forsvaret og til slutt frå dagens dommar, som gav Stryn 2 det som såg ut til å vere eit svært billeg straffespark. 

Sandane nytta høvet til å gje unge spelarar sjansen til å vise seg fram, og for underteikna vart det dagens lyspunkt sett med Sandaneauge.

Firda LIve frå kampen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift