Ny siger til J12

Super innsats igjen av J12 når dei vann lokal oppgjeret mot Gurskøy.

Tysdag denne veka spelte J 12 ein ny kamp og motstandar var Gurskøy. Det var dermed klart for ein skikkeleg lokaloppgjer.

Kampen var jamn gjennom heile fyrste omgong før vi tok leiinga etter ein flott corner som vart putta sikkert i mål på bakerste stolpe.

Det stod 1-0 til pause. Gurskøy reduserte til 1-1 heilt i starten av 2. omgong. Begge laga hadde sine sjangsar, men etter ei stund var det vi som tok leiinga igjen etter eit langskot og pang i mål.

Gurskøy reduserte igjen. Få minutt før slutt gjekk vi opp i leiinga igjen etter nok eit flott langskot som gjekk rett i mål. Dermed 3-2 som vart sluttresultatet.

Super innsats av alle jentene og trenarane Kareema og Jan-Rune!

Referat og bilder Evy Anita Storøy

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift