Sandane på heimebane

Publikum får fredag eit høve til å sjå eit skarpskodd Sandane ta imot Fjøra 2/Sogndal 3 til kamp i Idrettsparken.

Sist desse to laga møttest var STIL inne i ein tørkeperiode og trenar Torbjørn Gran varsla endringar etter at bortekampen i Sogndal i juni enda 1-1. Etter dette har STIL vore stødige som banken og har samla 22 poeng på dei ni kampane som er spela sidan den gong (7-1-1). Poengtapa har kome borte mot Høyang (1-3) og heime mot Anga (2-2). Sandane leverte sesongbeste seinast for 4 dagar sidan, då Syril vart sendt i garderoben med eit sviande 1-3-tap.

Klarer Sandane å mobilisere samme energi fredag kveld kan det bli nye poeng. -Fotballmessig er vi gode nok. Det handlar om haldning, innstilling, vilje og gjennomføringevne, seier Torbjørn Gran i ein uttale før kampen. Fjøra 2/Sogndal 3 har tatt mange poeng i haustsesongen og er eit betre lag enn då STIL møtte dei sist. Det bør likevel vere gode sjansar for nye Sandanepoeng. Vi har trua på at gutane vil vise heimepublikummet kva dei er gode for, og at spenninga i sesonginnspurten framleis lever når serierunden er over.

Kampstart: fredag 28.09. kl. 1900. Sandane Idrettspark.

 

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift