Kanonkamp av Sandane

STIL visste kva dei gjekk til og løyste oppgåva med å spele skjorta av serieleiaren. Syril gjekk dermed på sitt første tap på heimebane på nøyaktig eitt år.

Syril - Sandane 1-3 (1-1)

I ein fartsfylt kamp var STILs menn på frå start og spelte seg til gode sjansar. Det vart likevel Syril som tok leiinga ved Steinar Henjum etter vel eit kvarters spel. Sandane og Jonas Denk sørga imidlertid lynraskt for balanse i rekneskapen, og STIL heldt fram med ein spelemessig dominans. Også Syril hadde sine sjansar i kampen. Stillinga var 1-1 til pause, og det heile skulle dermed avgjerast i andre omgang. Kristian Møll gav Sandane 2-1 på eit flott frispark. Då William Landøy sette inn 3-1 midtvegs i omgangen skulle ein kanskje tru at STIL ville roe noko ned. Men blåtrøyene heldt fram det gode spelet og skapte store sjansar også mot slutten av kampen, vert det meldt frå Leikanger.

-Det kunne fort blitt fleire mål. Dette var årsbeste med god margin. Samtlege spelarar leverte hundre prosent og seieren var fullt fortent, fortel Sjur Gimmestad.

Intervju med Sandanetrenar Torbjørn Gran etter kampen. (Lurifax support)

Firda Live frå kampen

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift