Sandane - Anga fredag kveld

Sandane mønstrar eit sterkt mannskap til kampen alle i blått gledar seg til.

STIL har gleda av å ønske Anga velkomne til kamp i Idrettsparken fredag kveld kl 19.00. Nokre vil hugse at det var nettopp Anga som braut Sandane si seiersrekke i vårsesongen, noko som vart innleiinga på ein poengmessig tørkeperiode for STIL. Kampen i Hafstadparken enda med 2-1-seier for Anga. Det var Gudmund Bjotveit som sto for STIL sitt mål, på overtid i kampen.

Det er såleis greitt å tenke ut Sandane si målsetting for oppgjeret i Idrettsparken. STIL har vore solide på heimebane i 2018, og vi reknar med at gutane planlegger å sende Anga heim utan poeng denne gongen. Anga er imidlertid eit lag beståande av ein god porsjon ex-Førdespelarar med god rutine, og våre menn vil sjølvsagt ikkje ta lett på oppgåva. 

-Etter ei nestenarbeidsulukke i Balestrand har vi mykje å revansjere for vår eiga stoltheit, seier Torbjørn Gran. -Ikkje minst når vi er på hjemmebane og heimepublikummet kjem for å sjå oss spele. 

Gran opplyser at han har ei skadefri tropp til disposisjon, om ein ser bort frå langtidsskadde Mads Wie og Eirik Rauset. -Kampen om plassane er tøff inn mot uttaket og det bør også vise igjen i kampen kven som vil blø for laget dei 90 minuttene det gjelder, seier Gran. Vi ønskjer laget lukke til! Kampstart: fredag 14. september kl. 1900. 

 

 

 

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift