Partioversikten for turn er klar!

Siste bit av puslespelet er lagd - timeplanen for turnpartia finn de her:-) Det er lagt opp til trening ein gong i veka for dei ulike årskulla, med unntak for dei aller eldste som har tilbud om to treningar pr. veke. Påmelding opnar 10. september for "gamle" gymnaster. 17. september kl 18 opnar vi påmelding for alle andre nye medlemmar dersom det er ledige plassar att.

Link til påmelding vert lagd ut her samt på facebooksida vår måndag 17. september kl 18.

Vi tek i mot kortbetaling ved påmelding. Oppstart vert veke 42, rett etter haustferien.

Vi er i manko for mange nok trenarar for 6. klasse, og vi er p.t. ikkje i mål, så her tek vi atterhald på om det vert oppstart.

Les oppskrift på korleis melde på til Turnsesongen 2018/2019 allereide no, så er de forberedt når påmeldingen opnar:

Følg linken til påmeldingsskjema som vi kjem til å gjere tilgjengeleg på epost og etterkvart her på nettsida og på facebook, ref. oppgitte datoar for påmelding.

For dei som er medlem i Sandane Turn og Idrettslag fra før av: (Dersom du tidligare har delteke på turn, i fotball, håndball, barneidrett eller friidrett.)

Registrer navn på den du melder på, epost og tlf.nummer i skjema. Då vil det dukke opp i høgre del av skjermen denne teksten Din profil finnes i systemet. Klikk for å benytte:
Klikk då namnet under den røde teksten til høgre, velge Registrer og gå vidare til bestilling. (Det sparar oss for mykje rydding pga doble/triple registreringar i medlemsregisteret dersom de er nøye med å følge denne oppskriften på dette punktet, så takk for det:-))

For dei som er nye i Sandane Turn og Idrettslag, og ikkje er registrert som medlemmar frå før av:

Registrer navn på den du ynskjer melde på, samt fyll ut resten av skjema. trykk på knappen Registrer og Gå videre til bestilling.

Velg parti utifrå klassetrinn ved å hake av i kolonnen for Valg på aktuelt parti. 1. - 8. klasse har berre eit valg, Ungdomstroppen (frå 9.klasse og opppover) kan velge 2 dagar i veka om dei ynskjer å delta på begge dagane.

Sjekk at du har valgt rett klasse og dag, at summen er riktig - trykk knappen MAKE PAYMENT/TIL BETALING då har du 15 minutt på å betale med Visa eller Mastercard. Ikkje stress, du har god tid. Følg instruksjonen vidare til Nets betalingsvindu. Når du får bekreftelse på at du har betalt er du påmeldt. Du vil og få ein epost med bekreftelse.

MERK: Deltakarbekreftelse KAN ende opp i søppelposten, gjer vel og sjekk denne etter registrering. For dei som skal vere med på trening 2 gongar i veka må ein hake av for registrering på begge dagane. Du vil sjå på alle parti kor mange ledige plassar der er og kor mange som har registrert seg.

Skulle turnaren ha sjukdomar eller liknande ( f.eks. Epilepsi), som gjer at trenarane må vere oppmerksom ved anfall eller liknande, vennlegst ta kontakt med trenar direkte når turnaren er påmeldt.

Om du ikkje får plass på det partiet du ynskjer, velg venteliste og skriv kva parti du ynskjer. Trykk registrer - det vil ikkje kome epost som kvittering, men du er registrert, så det held å gjere dette ein gong. Send oss nokre ord på epost til turngruppa.sandane@gmail.com dersom du har spørsmål. Ved endt påmeldingsfrist vil vi sende ut epost til dei på venteliste. Ventelista vil gje oss verdifull informasjon om vi skal jobbe for å få til fleire parti innanfor samme årskull eller tilby plass dersom nokon sluttar på hovedparti. Så - sett deg på venteliste dersom partia er fulle!

Alle turnarar som var med i 2017/18 sesongen og ikkje har sagt ifrå seg plassen har 1. prioritet. Er der ledige plassar på partia blir det opna for nye turnarar å melde seg på. Dei yngste partia blir begrensa til ca 20 stk. 4. klasse har 2 parti, frå 5. klasse og oppover blir partia noko større, dette bør gå bra om turnarane føl med og høyrer på trenarane.

Turnarar som lagar uro for resten av turnarane kan bli bortvist frå trening - ved gjentaking for rest av sesong utan refundering av treningsavgift.

Turnarar som ikkje har betalt deltakaravgift kan ikkje vere med på turnparti og det er ein forutsetning at ein er medlem i Sandane Turn og Idrettslag.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift