Oppstart Dametrim Stokksund haust 2018

Torsdag 6.9 vert det oppstart av Dametrim denne hausten. Du finn meir info her

ER DÅKKE KLAR DAMER?

Då er ferien over og vi er klar med dametrim igjen :)  Håper dåkke er klar for litt hausttrimming.

Vi kjem til å køyre same opplegg som i vår  med TABATA og sirkeltrening - styrke og kondisjon. Fram til haustferien blir det ein gong i veka. Det er usikkert om vi får til 2 gongar i veka seinare, men det er noko vi kjem tilbake med etter kvart.

Oppstart vert torsdag 6/9 kl 19.00. Møt opp litt før for å bli registrert. 

I utgangspunktet er det måndagar som blir treningsdag, men vi må mogleg bytte til nokre torsdagar.  Treningstidene blir slik desse dagane.

Måndagar: 19:15-20:30

ved byte

Torsdag: 19:00-20:15

Elin blir instruktør med Linda som vikar. Vi har ikkje fått nokon andre foreløpig.

PRIS:

Alle som trenar i Tjørvåg IL må vere medlem. Kontingent 2018 er  200,-

Treningsavgift vert 150,- for ein dag i veka fram til ca desember.

OM DAMETRIMMEN

Dametrimmen er eit lavterskel tilbod for damer i alle aldra. Styrke og kondisjon med øvelsar som alle klarer uansett oppstartsform. Ta med gode innesko, drikke og evt ein handduk til å tørke sveitte.

Påmelding og og meir info finn du på Facebooksida vår Dametrim Stokksund: https://www.facebook.com/groups/1460469340687278/

Du må ikkje melde deg på for å starte, men vi må ha minimum 10 påmelde for å starte opp.

Har du ikkje Facebook kan du melde deg på til, Elin, mobil 91852534. Evt om du har spørsmål. Husk å skrive namnet ditt.

Litt info om dei ulike treningane vi kjem til å køyre.

SIRKELTRENING - styrke/kondisjon – ca 1 t
Ulike øvelsar i sirkel, styrke og kondisjon. Kvar øvelse har ulik grad av vanskelighet slik at du kan gjere den så tung/lett du ønsker. Intervall (Du tilpassa sjølvsagt ditt nivå og tek pausar om du treng det)

TABA – Stryke/kondisjon Ca 1 t

Intervalltrening der ein jobbar med høg intensitet i korte periodar før du tar ei rask pause. (Du tilpassa sjølvsagt ditt nivå og tek pausar om du treng det)

Begge treningane startar med oppvarming ca 10 min til musikk og avsluttar med  

Utøying / Stretching og Avspenning

VI GJER MERKSAM PÅ AT ALL TRENING SKJER PÅ EIGE ANSVAR. Idrettslaget er ikkje ansvarleg for evt skader som skjer under eller på grunn av treninga. Har du skader eller problem så er du sjølv ansvarlig for å avklare med lege/behandler at du kan trene.

Kontakt info:

Elin 91852534 eller Linda 41458917

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift