Friluftlivets veke 1.9 - 9.9.18

Tjørvåg Il - Trimgruppa med ein ekstra fjelltrim denne veka med premiering. Les meir her.

 

FRILUFTLIVS VEKA 1.9 - 9.9.18

I dag, laurdag 1. september startar Friluftlivetsveke og den held fram t.o.m 9. september. Då vert heile Norge invitert med til å bli med ut i naturen. 

Veka sparkast i gong med sove-ute-aksjonen #nattinaturen lørdag 1. september.

Friluftslivets veke har som mål å få fleire ut i naturen, ha det gøy og skape flest mogleg gode minner! Det er Norsk Friluftsliv og dei norske friluftslivsorganisasjonene som står bak.

Dette har vi i Tjørvåg IL - Trimgruppa lyst å bli med på og håper mange legg turen ut i naturen denne veka.

Vår aktivitet denne veka er ein ekstra fjelltrim med premiering. Vi legg opp til at det skal vere lette turar/toppar slik at ein kan rekke tur på ettermiddagen, og at det skal vere tur ein kan ta med borna på. Vi oppfordrar til å ta med borna på tur, ta med niste, lag/et middagen/kveldsmat ute og nyt naturen denne veka. Sjå og utforsk alt det flotte som ein kan finne der.

Vi blir svært gla om du delar turen med oss. Tagg - #turstiprosjektet myrvåg / tjørvåg eller legg ut bilder frå tur denne veka på facbook gruppa "Til Topps med Tjørvåg IL - Trimgruppa" Kanskje kan det blir ein ekstra premie om vi får inn mange fine bilder :) 

Det er desse 5 toppane som gjeld på Fjelltrimmen denne veka. 
Skåla
Sandvikhornet
Stemmedalen
Djupvikhaugen
Huldrehornet


Hovudpremien er sponsa av Marin Teknikk AS. Vi har også premiar frå Apotek 1 Mørejarlen.

Du finn link hendiga her. 
Friluftlivets veke 1.- 9. september 2018 Tjørvåg IL Trim :  https://www.facebook.com/events/258890854741844/


Du finn meir info om andre arr.m denne veka på sia her: friluftslivetsuke.no

Friluftslivets uke inviteres alle i hele Norge til å bli med ut i naturen. Over hele landet kan du delta på spennende friluftslivsaktiviteter i regi av lokale lag og foreninger, organisasjoner, friluftsråd og kommunen der du bor.

UTSIKT FRÅ TOPPANE SOM ER MED 

 


 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift