Litt grått når årets Gurskøya Rundt gjekk av stabelen

182 sykla årets Gurskøya Rundt, 63 av desse starta frå Stokksund

GURSKØYA RUNDT 2018

Sjølv om vermeldinga var grått og litt regn ut på dagen, fekk vi i år ein liten auke av startande. 182 totalt og 63 lokalt mot fjoråret når vi hadde 150 og 51. Det er gledelig å sjå at talet er aukande så vi håper endå fleire teke turen neste år. 

Tjørvåg IL var hovudarrangør i år, og med 35 år jubileum så velte vi å vere litt meir offansiv i sosiale mediar for å nå fleire. Alle IL var einige om å kjøre felles annonsering og få ei felles Facebook sie som ein kunne nytte til dette formålet. 

Ein ekstra hovudgevinst i frå Thon Hotel Fosnavåg i tillegg til gåvekortet frå InterSport Fosnavåg, kunne vi også "lokke" med, i tillegg til fine lokale premiar sponsa av Sparebanken Møre og Tussa. 

Trass i at det vart surt ver ei periode ut i løpet, så fullførte nesten alle årets løp. Vi hadde i år 1 t tidlegare start, kl 11:00, noko som vi fekk tilbakemelding om var positivt for dei som sykla med born. 

Vi set sikkherheita høgt i eit slik familie arrangement, og hadde også i år Søryane Røde Kors på plass. I år hadde dei  i tillegg stand ved kyrkja på Leikong, der dei delte ut vanntett sekk med div innhald som lakrisbåtar, fiskesnøre mm. Dei delt ut totalt 5 kg! lakrisbåta denne dagen. Heldigvis gjekk dagen fint og ingen skader.

Røde Kors innom for ein prat på turen rundt øya.

2 veteranar som fyrste startande rundt øya i år. Mangolf og Oddvin

Nora, Oda og Synnøve spente på å prøve seg for fyrste gong rundt øya

.

Desse tilreisande karane var nok blant dei som sykla raskast rundt øya i år

Dei fleste som starta frå Stokksund var tilreisande. Kun 20 lokale (Myrvåg/Tjørvåg ) som starta. Siste startande i frå Tjørvåg i år var frå Ulsteinvik og ganske klar smiley. Vi hadde også folk frå Ytre Herøy, Hareid, Ørsta og Ålesund. 

25 års jubilant Gunnar Elveseter

3 som sykla Gurskøya Rundt for fyrste gong, Elias, Nikolai og Johan i følge med Jarl Åge Wågsholm

Vinnar av hovudpremie Gåvekort sponsa av InterSport Fosnavåg,  Oddvin Leikanger

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift