Treburer på plass i Myrvågskogen og Djupvikskogen

Ein liten start med utlegging av trebruer på våte områder.

Hans, Johnny, Erling, Arnt

Dagens dugnadsgjeng og underteikna har idag fått lagt ut ein del trebruer i Myrvågskogen ( stien til Dyrkyrkja) og nokre i Djupvikskogen (Stien til Rjåhornet/Huldrehornet/Djupvikhaugen). Vi fekk for ei tid tilbake ein del flytebrygge utliggare med Lanternen Marina og desse kom no godt med til denne jobben. Vi har vore vekkskjemde i sommar med tørre og fine stiar, men no er vi tilbake i normalen med mange våte områder i stinettet vårt. Det er umulig å få tørre stiar over alt, men nokre stadar vil vi etter kvart få lagt ut trebruer. Desse var såpass tunge at det måtte prioriterast å legge ut nær vegen.  

Kjekt å halde på med ein positiv og arbeidsom dugnadsgjeng. 

Myrvågskogen

Vart veldig bra fyrste delen av stien her med trebruer. Her var det ganske vått. Fekk også rydda ein del kratt som voks inn i stien.

Djupvikskogen - Vi fekk lagt ut dei siste trebruene her, men her er fortsatt våte områder som vi vil på sikt få gjort noko med, Kjekt å kunne få gå rundturen til Djupvikhaugen litt meir tørrskodd. 

foto @elin

 

Klubb Info

Grasrotandelen

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift