Uavgjort for Sandane

Det vart 1-1 i kveldens kamp mellom Fjøra 2/Sogndal 3 og Sandane. Mads Wie skåra eit tidleg leiarmål for Sandane, men heimelaget utlikna i andre omgang. Sandanetrenar Torbjørn Gran er lite nøgd med seg sjølv og laget, som dei siste tre serierundene resultatmessig har parkert fullstendig.

STIL fekk med seg eit poeng frå Sogn, men Sandanetrenaren meiner laget tapte på alle andre område. Han utdjupar:  Vi framstår som eit lag som ikkje vil, ikkje orkar, ikkje gir det lille ekstra som skal til for å vere eit vinnarlag. Han nevner spelarar som stoppar opp og ventar på at dommaren skal endre avgjerder samtidig som motstandaren får tid til å kome på gode overgangar som kan vere avgjerande for kampen. -Vi møter 16-åringar som smeller oss av bana i tøffe duellar, fordi vi ventar på å få frispark. Når det buttar imot synker spelegleda, praten blir borte og hjelpa for å få lagkameraten betre og gi kvarandre energi forsvinner. 

-Då eg starta med A-laget i november 2016 var det eit par ting eg hadde ei heilt klar formeining om måtte på plass om vi skulle bli eit vinnarlag og ha sjanse på opprykk: knallhard disiplin i jobbinga defensivt og offensivt - bli best på omstilling, rett og slett. Aldri gje motstandar eller dommar mulighet til å senke nivået vårt. Dette hadde vi bra inne i alt tidleg i fjorårssesongen. Det vi ser no er at dette raknar som dårleg sydde fotballdrakter, dei vi hugsar frå fotball-EM for to år sidan. Det er håplaust, irriterande og til dels flaut, seier Torbjørn Gran, som tar ansvaret for nedturen: Spelarane er dei som skal levere, men eg er produsenten. Eg har ikkje vore tøff nok i treningskvardagen denne sesongen. Vi tapar på alt anna enn resultatet. Eg er skuffa over kompisane på bana, men ser at eg over tid kunne og burde gjort ein forskjell.

Gran varslar ei omveltning, og den begynner i morgon. -Disiplin og gode haldningar skal på plass. Det hjelper tydelegvis ikkje å vere best på ball hvis dette ikkje er på plass. 

Allereie fredag har trenar og spelarar høve til å snu på flisa. Då kjem eit tent Jølster på besøk til Sandane.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift