Margot kom igjennom nålauget: UEFA B-LISENS!

Denne veka kom meldinga til STILs klubbkontor: Margot Meling Nesgård er godkjent som UEFA B-trenar! Ho blir den første kvinnelege trenaren i STIL med UEFA B-lisens. Margot har gjennom åra brukt mykje tid som fotballtrenar i STIL, og det siste året har det vorte endå meir.

-Det har vore vanvittig inspirerande. Eg har følgt dottera mi sitt lag i ei årrekke. No var spelarane komne på eit nivå der eg kjende at eg trengte påfyll som trenar for å kunne følgje dei opp på ein kvalitativ måte. Eg var veldig ivrig etter å få snakke med folk om fotball og analyse, men det var vanskeleg å finne dei som hadde tålmod, tid og iver til å dele slik kunnskap med meg i trenarkvardagen. Eg ser ikkje bort i frå at det at eg er kvinne, og beskjeden, gjorde denne prosessen litt ekstra vanskeleg. Torbjørn Gran sette meg først inn på tanken om å ta B-lisens utdanning. Tanken på dette fikk modne seg i eit heilt år før min mann,  Arne, fann fram søknaden og berre begynte å skrive den for meg. No i ettertid er eg veldig glad for at eg hoppa ut i det ukjente og våga å ta eit steg vidare som trenar og menneske. Eg ser nå at det var rein, skjær luksus å få anledning til å fokusere på fotballen og snakke med andre fotballentusiastar på utdanninga.

UEFA B-trenarkandidatane må igjennom ein silingsprosess.

-Eg måtte igjennom ein opptaksrunde i fjor vår, der trenarar frå ulike klubbar deltok. Vi måtte vise oss fram som instruktørar. Eg var heldig og var blant dei som vart tatt opp, og eg kunne då søke UEFA B-trenarutdanning kvar eg ville i Norge. Eg valde heimbyen min, Stavanger. I november tilbrakte eg ei heil veke saman med 23 andre trenarar. Vi var i alt fire kvinner som deltok, noko som eg trur var eit rekordhøgt antall. Dei tre andre hadde alle spela på toppserienivå eller landslagsnivå.  

Gøy frå dag 4

Margot legg ikkje skjul på at samlinga representerte eit godt steg utanfor hennar komfortsone. –Eg er ein beskjeden person i utgangspunktet, og det var ei stor utfordring å hente fram tryggleik nok til å stole på meg sjølv, både i forhold til dei faglege oppgåvene, til flinke medstudentar, veiledarar og alle treningsobjekta. Veka i november var svært intensiv med opplegg frå morgon til kveld. Spenningsnivået gav utslag i ei uke nesten utan søvn.

Men etter nokre dagar var Margot varm i trøya. –Frå dag 4 var det gøy!

Gjennom trenerutdanninga skal deltakarane ta til seg læring, bevisstgjere seg ved å gå inn i «refleksjonsboksen» og ut frå det videreutvikle sin eigen trenaridentitet. Kurset legg opp til teoribolkar, gruppediskusjonar, planlegging, organisering og gjennomføring av treningsøkter ut frå tema og moment. NFF står for ei spelsentrert tilnærming. Det vil seie at ferdighetstreninga vert vektlagt i ulike spillsituasjonar som er mest mulig kamplikt med med- og motspelarar. Evaluering av eigen og andre sin praksis var ein viktig del av kurset, fortel Margot. Det var ei veldig kjekk gruppe av trenarar og veiledarar på kurset, som alle var med å bygge opp utvikling og tryggheit.

Oppgåver

I tillegg til undervisning og praksis skal ein UEFA B-trenar også sette seg utviklingsmål som skulle følgje ein frå kurset i november fram til avsluttande helg i februar. -For min del handla det om å utvikle mi fotballfaglege dyktigheit, men også å utfordre meg på det å bli tryggere på meg sjølv i trenarrolla. Sidan forkurset i Sogndal har eg prøvd å få observert treningar i kretstiltak og på A-laget i STIL. Gjennom vinteren fikk eg hatt treningar med gutelaget til STIL for å bevege meg blant spelarar som eg ikkje kjenner så godt. Eg prøvde meg så vidt på A-laget i en spelsekvens, men det blei berre pinleg. Då var eg altfor nervøs og miste munn og mæle! Sjølvsagt har jentespelarane som eg trenar til vanleg blitt forsøksobjekt i eitt år no. Det har blitt mykje prøving og feiling og eg håpar at eg ikkje har tatt fotballgleda frå dei!!! Takk for deira tålmodigheit!

Vi måtte også besvare ei rekke oppgåver skriftleg, 14  i alt. Dette skjedde i perioden frå samlinga i november til ei avsluttande helg i februar. –Eg har brukt mykje tid på oppgåvene som var temmelig omfattende og fått mykje god hjelp frå A-lagstrenar og trenarrettleiar i STIL, Torbjørn Gran, fortel ho.  

Kva har UEFA-utdanninga gitt deg?

-Det har gitt meg ein arbeidsreiskap som eg ikkje hadde tidlegare. Utdanninga har gitt meg auka forståing for fotballspelet som heilhet og eg har lært mykje om utvikling av fotballferdigheiter. Særleg har eg jobba med å få fram gode øvingsbilder i spelsekvensar. Her handlar det om eiga forståing og evne til å sjå «øyeblikket», det handlar om å kunne snakke slik at spelarane ønsker å lytte og delta i refleksjon. Eg har arbeidd med å få til greie praksisbilder slik at alle spelarane forstår! Elles har eg lært mykje om trenarrolla og blir berre meir og meir audmjuk for at trenerrolla inneber veldig mykje og det er stadig noko å jobbe med. Di meir eg lærer di meir skjønnar eg at eg ikkje kan!

Margot har sjølv ei fortid som fotballspelar, i klubbane Brodd, Hinna og Vidar. – Eg gjekk også fotballine på folkehøgskule, det var første gang eg tok ei trenarutdanning. Det var veldig kjekt. Sjølve fotballkarrieren var ikkje like motiverande.

Det var mykje som kunne vore betre i klubbane ho spela for, og Margot seier at dette er litt av motivasjonen for at ho sjølv har satsa på å kvalifisere seg som trenar. -Noko av det eg brenn for er at alle som har interesse for det, skal få muligheten til å utvikle seg uavhengig av tilsynelatande talent! Spelarane utviklar seg i ulikt tempo og i ulike retningar. Det kan jo vere at den guten eller den jenta som ikkje er blant «dei utvalde» til sone og krets, kan bli ein glimrande spelar, trenar, oppmann eller dommar ein dag!

Klubbstøtte

-STIL fotball har vore støttande i alle år for meg som trenar. Eg er takknemleg for at klubben gjorde det mulig for meg å ta UEFA B-lisens utdanning ved å betale kursavgifta. Eg vil sterkt anbefale utdanninga til andre trenarar som ønsker å utvikle seg som trenar og er av den litt «fotballgalne» sorten!

Trenarutdanning har vore ei satsingsområde i STIL, og klubben har  etter kvart fått nær 20 trenarar med C-trenarutdanning (Grasrottrenar). Margot kjem i eit eksklusivt selskap som UEFA B-trenar: Ho blir trenar nr 4 i klubben med denne utdanninga.

Vi gratulerer Margot med UEFA B-lisens!

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift