Fjelltrimmen 2018

Fjelltrimmen startar 1 mai!

FJELLTRIMMEN  2018

 

startar 1.mai!

POENGSANKING FRAM TIL OG MED 1. OKTOBER

 

1.premie 500 kr gåvekort
2.premie 300 kr gåvekort
3.premie 200 kr gåvekort
 i kvar klasse (gutar, jenter, kvinner og menn)

 

 

Alle kan væra med, men premiering berre for medlemmer

av idrettslaget.

 

EKSTRA PREMIE
til born med over 20 poeng, og vaksne over 60 poeng

Det vert også trekt ut gavekort på kr 1000,- blant dei som klarar kravet….

 

Postar i år er:
 

 

  • Litlefjellet                       
  • Hestefjellet (Matre)
  • Storematrestølen
  • Gleinefjellet
  • Matrenipa
  • Novi
  • Kalhovdastølen
  • Kjetlandsdalen
  • Geitenakkjen
  • Røyrdalsfjellet
  • Gråsida
  • Hyttemarka
  • Røyrfiten
  • Stordalsvarden
  • Stegane
  • Stallane      
  • Kvalsbergnåvi
  • Hestefjellet (Haugsvær)
  • Heinakkjen
  • Kjerringfjellet
  • Nåvi(Trodalen)
  • Ådneburen
  • Nonkletten
     

 

 

 
 

I.L. Bjørn West

 

 

 

 

 

 

Fjelltrimmen 2018                                                              I.L.Bjørn West

 

Post

Poeng

Stad(mål)

Løypeskildring (oppgitte tider er ein veg)

 

1

2

Stegane,

Matresdalen

Kjør til Hommelfossen og parkèr oppom den gamle kraftstasjonen. Følg stien inn mot venstre over den gamle røyrgata. Dette er ein lufting tur der stien snor seg oppover i dels bratte steintrapper. Turen endar ved Hommelvatnet og posten finn du på ei furu før dammen. Tid ca. 30 min. 250 m.o.h.

 

2

2

Stallane,

Eikemo

Kjør mot Duesund til du kjem til Eikemo. Parkèr ved andre nedkjørsel til Eikemo. Sjå etter skilt der stien startar. Følg raude merker. Posten heng på uthus. Tid ca. 30 min. 330 m.o.h.

 

3

2

Litlefjellet,

Matre

Start på Stien ved bommen til Øvredalen. Følg vegen innover til dalen vier seg ut. Sjå etter skilt på venstre side. Følg stien til du er framme. Tid ca. 40 min. 357 m.o.h.

 

4

1

Hestefjellet,

Matre

Start ved grind bak Einekavane. Stien endar på Storseten. Bak steinmuren, frå nordre hjørne på Storsæten. Følg stien oppover til det flatar ut og hold til venstre mot toppen. Tid ca. 20 min. 170 m.o.h.

Alternativt kan ein starta ved vatnet i Matresdalen. Stien startar ved benken. Tid ca. 20 min.

 

5

4

Storematrestølen,

Matresdalen

Start ved brua/bommen innom Matresvatnet (Holmane). Følg skogsvegen til endes, der du finn stien. Følg stien på høgre sida av elva, kryss elva på steinbrua. Hold langs venstre side på Krokstadvatn og opp forbi naustet. Følg elva til stølen. Posten står ved skiltet i stien. 555 m.o.h. Tid ca. 1,5 timer.

 

6

2

Gleinefjellet,

Matre

Køyr til brua ved Gagnløysevatnet. Ta opp til venstre over brua, til endes av grusvegen. Gå opp til venstre. Følg elva innover til du treff jernstengene, som viser vegen til toppen. Posten heng på hytteveggen. 792 m.o.h. Tid ca. 1 time

 

7

4

Matresnipa

 

 

Parker på grusplassen ovanfor Trodalstunellen. Følg stien langs bekkefar. Når du kjem over tregrensa ser du ein varde. Hald til høgre for den, vidare mot Matresnipa. Følg vidare merking til posten, som ligg rett før varden der du har utsikt ned til Matre. 587 m.o.h.  Tid ca. 1,5 time.

 

8

2

Nova-Fjellvegen

Haugsvær

Parkering ved gamle skulehuset. Gå undergangen og opp til skogsveg rett ved busskuret. Følg traktorvegen til stien byrjar. Posten heng i den store rauna på oppsida av stien. Tid ca. 40 min. 330 m.o.h.

 

9

3

Fjellet, (Hestefjellet)

Haugsvær

Parkering ved gamle skulehuset. Følg beskrivelsen til Nova og fortsett på stien vidare. Følg stien til det flatar ut. Ta så opp til venstre til varden på toppen. Tid ca. 1,5 time. 774 m.o.h.

 

10

4

Nonkletten

Haugsvær

 

Parkering ved Haugsværtunet. Gå over elva og vidare på skogsvegen til høgre retning Grimhaugane (Solheim). Ta av til venstre oppover der linja kryssar skogsvegen. Følg stien til du kjem over tregrensa. Gå langs høgre sida på elva, kryss elva ved utløpet og følg venstre sida av vatnet. Post på toppen, 612 moh. Ca 1,5 t.  

 

11

1

Kvalsbergsnåva

Parkering ved Haugsværtunet. Følg beskrivelsen til Nonkletten. Gå vidare frå Nonklettvarden retning Solheim. Varden er eit stykke nedanfor toppen, med utsikt mot Solheim. 1 time og 45 min (ca. 15min frå Nonkletten). 590 m.o.h.

 

12

3

Heinakken,

Solheim

Start ved Midtkviltjødna. Frå transformator går du opp til venstre – Følg stien langs raude løypemerkingar. 404 m.o.h. Tid ca 45 min. 

 

13

2

Kalhovdastølen

Kalhovda

Solheim

I krysset på Kalhovda tek ein til venstre mot Legena. Etter passert bru tek ein til venstre på skogsveg. Parkèr der skogsvegen deler seg neste gong. Ta opp til høgre, skogsvegen går ca 1 km opp, deretter følgjer du merka sti opp til stølen. Posten ligg i dei gamle murane.  438 m.o.h. Tid ca 45 min.

 

14

2

Dalesætra

Kjetlandsdalen

Stien startar langs ein skogsveg på Kjetland, ovanfor inste garden. Hald til venstre der skogsvegen deler seg. På enden av vegen kan ein følga stien på høgre sida langs elva, eller kryssa elva og følga traktorveg inn til ein demning. Kryss elva ved demningen og følg stien vidare på høgre sida innover dalen. Posten heng på ei bjørk før ein kryssar elva til Dalesætra. Tid ca. 45 min. 338 m.o.h.

 

15

5

Geitenakken

Stordalen

Køyr forbi Stordalen retning Bjordal til du kjem til Nystølen (høgste punktet mellom Krokevatn og Fridalsvatn). Følg merka sti frå hytta, langs Fridalsvatn til Spongavatn, der du tek stien til venstre og følgjer den til toppen. 987 m.o.h. Tid ca. 1,5 t.

 

16

4

Røyrdalsfjellet

Stordalen

 

Parker ved Stordalen fjellstove. Gå hundre meter sørover skogsveien langs med Stordalsvatnet. Ta opp dalføret mot Røyrdalsvatnet. Ca. 200 m før vatnet tek ein opp mot høgre (sørover) til ein kjem over skoggrensa. Drei så søraust til varden som står på ein stor stein. 894 m.o.h. Tid ca 1,5 t.

 

17

5

Gråsida

Matre

 

 

Start ved bommen på Stien. Følg vegen opp Øvredalen til du er 200 m frå steintippen heilt inne. Ta opp til venstre ved utkjørsel, merking til du kjem til stien. Når du kjem opp i Gråsibotn, går du same retning som kraftlinja, men gå opp skaret lengst i sør, til høgre for masta i ”himmelsynet”. Når du ser Kvernhus-vatnet snur du mot nord og går til høgaste varden lengst inne. Utsikt mot Kringlebotn og Matresdalen. Alternativt kan ein gå frå Litlematrestølen. 855 m.o.h. Tid ca 3 t

 

18

2

Kjerringfjellet,

Furebotn

Parker ved utløpet til Midtkviltjødna. Følg ny veg mot aust. Tid ca 40 min  387 moh. Kan også gåast frå Solheim og Furebotn..

 

19

2

Hyttemarka Fossen

Start ved park.plass på Fossen. Følg stien vestover et par km og drei av nordover når stien flater ut. Post festa til sætervegg. 455 m.o.h. Tid ca 30 min.

 

20

 

2

Røyrfiten,

Hopsdalen

Kjør så langt vegen går inn i Hopsdalen. Følg stien innover på venstre side av dalen, gjennom granskogen og ut att på høgre side av dalføre, vidare innover til grunnane av gamal sæter. Post i grunnmuren. 200 m.o.h. Tid ca 45 min.                                                                                               

 

21

2

Stordalsvarden

Kjør til Stordalen, ta til venstre mot Sogn og ta til venstre frå fylkesvegen inn på grusvegen. Parkering i vegdelet etter ca 1 km. Gå mot Langevatn, ta til høgre og fortset  over tunnelutløp. Følg ryggen mot venstre til toppen. 781 moh  1 t.

 

22

2

Nova(Trodalen)

Start på Trodalsleitet på vestsida av E39. Følg stien frå Tele-huset og hald skrått opp mot venstre. Post i varde på Nova.

 

23

2

Ådneburen

Det er fleire startmoglegheitar, då denne posten er meint som ein «poengsankingspost» der ein får 2 poeng ekstra for å gå opp på toppen. Det er høgaste punktet mellom Hopstølen og Nordgilsbotnen, og ein kan gå frå bl.a. Fossen, Hopstølen, Haugsvær og Kvernhusdalen. Anbefalar å ta med kart!! Tid ca. 4 t.  724 moh

 

 

 

 

BONUS : Ved besøk på ALLE postane får ein 12 poeng ekstra, pr."rundtur". Det er ein stor fordel med kart og kompass !

 

 

Dersom noko manglar eller posten er forsvunne; gje beskjed til : Bjørn Åge 90222585,   Ivar Helge-92444211,  Beate 97503083,

Bente 97677674, Lillian 90294720

 

 

 

 

 

 

Fjelltrimmen

2018  

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Start

Mål

Høgde-

Tider

Avstand

 

Postnr.

Poeng

Post

Område

m.o.h.

m.o.h.

forskjell

ein veg

i luft

Ansvarleg

1

2

Stegane

Matresdalen

50

250

200

30 min

 

Bente

2

2

Stallane

Eikemo

90

330

240

½ time

540 m

Ivar Helge

3

2

Litlefjellet

Matre – Øvredalen

10

357

347

45 min

1 km

Ivar Helge

4

1

Hestefjellet

Matre

10

170

160

20 min

½ km

Lillian

5

4

Storematre-stølen

Matresdalen

20

556

536

1,5 t

2½-3 km

Ivar Helge

6

2

Gleine-

fjellet

Matre/Haugsdalen

500

792

292

1 time

1½ km

Ivar Helge

7

4

Matrenipa

Matre

180

587

407

1,5 t

 

Bjørn Åge

8

2

Novi

Haugsvær

75

330

255

30 min

½ km

Bente

9

 

3

Hestefjellet

Haugsvær

75

774

699

1,5 t

1 ½ km

Bente

10

4

Nonkletten

Haugsvær

155

612

457

1,5 t

3 km

Beate

11

3

Heinakken

Solheim

120

280

160

45 min

1 km

Lillian

12

2

Kalhovda-

stølen

Kalhovda

200

438

238

45 min

1 km

Bjørn Åge

13

2

Dalesætra

Kjetland

80

338

258

45 min 

1,9 km

Beate

14

5

Geitenakkjen

Nystølen-Stordalen

700

987

287

1,5 t

3 km

Bente

15

4

Røyrdals-

fjellet

Stordalen

414

894

480

1,2  t

2,5 km

Bente

16

5

Gråsida

Matre

550

855

305

3 timer

4 km

Ivar Helge

17

2

Kjerringfjellet

Furebotn-Solheim

150

387

237

40 min

1,3 km

Lillian

18

1

Hytte-

marka

Fossen

360

455

95

30 min

1 km

Bjørn Åge

19

2

Røyrfiten

Hope

0

200

200

45 min

2 km

Beate

20

2

Stordalsvarden

Stordalen

638

781

143

1 t.

3,4 km

Lillian

21

1

Kvalsbergnåvi

Nonkletten-Haugsvær

 

590

 

2 t

 

Beate

22

2

Novi,Trodalen

Trodalen

205

485

280

40 min

800 m

Lillian

23

2

Ådneburen

 

 

724

 

2 t

 

Bjørn Åge

 

 

 

Angitte tider er ved roleg gange.

Sosialemedier

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift