Peter Holvik Lothe er gått bort

Nyleg kom den sørgelege bodskapen om at Peter Holvik Lothe er avliden, nær 56 år gamal. Med Peter har STIL misst eitt av klubbens varmaste hjarte.

Peter har gjennom mange år vore ein sentral mann i lag og organisasjonar på Sandane. Sandane Turn og Idrettslag sto hans hjarte nær, og han har hatt fleire tillitsverv. Han har dei seinare åra - fram til i dag -  hatt vervet som leiar for husestyret for STIL-stova. Han har også tidlegare hatt leiande verv i laget. I 1998-99 var han nestleiar i Arbeidsutvalet, dvs klubbens hovudstyre.  I perioden 2006-10 hadde underteikna gleda av å samarbeide med Peter i det same Arbeidsutvalet. Han var då ein pliktoppfyllande sekretær, og dei som les styrereferata han førte i pennen, vil kjenne igjen hans lune, særeigne tone og presise penn.

Peter var som ungdom sjølv aktiv i friidretten, og var fylkesmeister i trekamp som 14-åring i 1976.

Peter hadde ei spesiell kjensle og omsut for STIL si lagshistorie, som han hadde inngåande kjennskap til. Han hadde eit særleg blikk for klubbens æresmedlemmer og andre veteranar i laget. Peter var sjølvskriven deltakar på tilstellingane som STIL arrangerte for æresmedlemmene, både i STIL-stova, på Gloppen hotell og i samband med årsfestane i Trivselshagen.

På veggane i STIL-stova finn vi mange historiske bilder som Peter sjølv fann fram og har fått hengt opp. Han overvaka arkivet i STIL-stova med falkeblikk og slo straks alarm då han oppdaga at nokre årsmeldingar mangla. Peter sette i gang ei privat etterforsking i bygda og klarte å spore opp dei sakna årsmeldingane. STILs samla lagshistorie var viktig, og Peter sytte føre at dei verdifulle dokumenta vart samla i eit eige skap i STIL-stova. Nøkkelen vart vel vakta! (Bilete: Frå STILs årsfest i 2009).

Peter var i ei årrekke også med i nemnda som vurderte og tilrådde tildelingar av æresmedlemskap i klubben.

Med Peter Holvik Lothe har STIL misst ein lojal støttespelar. Han var ein mann som ugjerne stakk seg fram, men som gjorde sitt verdifulle arbeid for laget og samarbeidspartar utan dei store fakter. Vi er mange som sørger over tapet av Peter Holvik Lothe.

Våre tankar går i desse dagar særskilt til Peters familie. 

Fred over Peter Holvik Lothe sitt minne.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift