Eat Move Sleep samling med Frode Grodås

Invitasjon til "Ein betre trenar" med NFF, Eat Move Sleep og Solid Fotball

Som ein av 37 klubber i landet har Norges Fotballforbund (NFF) valgt ut Solid Fotball til å være Eat Move Sleep-ambassadør i 2018. Sunn livsstil hos barn og unge er ein av fleire ting som dei utvalte klubbane kjem til å fokusera på.

Ein av våre oppgaver er å arrangere en spennende Eat Move Sleep fotballcup der me i tillegg til kampene vil fokusera på viktigheten av et sunt og godt kosthold, nok fysisk aktivitet og god søvn. Solid Eat Move Sleep cup er 21. og 22. april.

I forkant av cupen har me gleda av å invitera trenarar og keepere frå lag 13 – 17 år - i Solid og naboklubbar til ei samling (sjå også vedlegg):

”Ein betre trenar med NFF og Eat Move Sleep”. Me er heldig å få besøk av keepertrenar på herrelandslaget Frode Grodås måndag 16.april.

På feltet vil han vil visa korleis man på ein god måte organiserer og gjennomfører keepertrening. Etterpå ønskes alle, spelarar, trenarar og foreldre, velkommen til foredrag inne i Solidhuset. Der vil Frode Grodås komme med fleire fotballfaglige råd, svare på spørsmål og fortelle kvifor me alle vil ha glede av å etterleve tipsa i Eat Move Sleep.

Me er stolte over å ha blitt utnevnt til Eat Move Sleep-Ambassadør, og synes det er flott at me som klubb kan være med og inspirere fleire trenarar til ei betre fotball økt, i tillegg til å sette ein sunnare livsstil blant barn og unge på dagsordenen

Program mandag 16.april: 

• Trening 1700-1830

• Foredrag:1900-2030

Påmelding :  Grethe@Fadnes.com (frist 11.april)

 

Fotballhelsing

Solid Fotball – Eat Move Sleep

 

 

Samarbeidspartnere

Støtt ILSolid

Her er link til Idrettsfrukt

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift