Varegg-akademiet er i gang

Våren lar vente på seg, men denne veka gjekk likevel startskotet for Varegg-akademiet. Det er eit tilbod til jenter og gutar som har lyst til å yte litt ekstra for bli endå betre.

Onsdag morgon klokka 06.30 stilte fem ivrige jenter frå 7.klasse til trening på det nye Varegg-akademiet. Det vart lagt til rette for god teknikktrening, der dei fekk øvd på pasningar i ulike øvingar, taktisk tenking og føring av ball i utfordrande løype. Jentene fekk óg ein god frukost før dei reiste på skulen.

– Varegg-akademiet er eit ekstra tilbod til dei som har lyst å trene ekstra. Det er ypperleg for dei som har lyst å finpusse teknikken og ikkje minst komme seg i aktivitet tidleg og restaurere resten av dagen før dei kanskje må på ei ny trening, forklarar Christian Kjosås, sportsleg leiar for ungdom i Varegg Fotball.

Praktisk informasjon om Varegg-akademiet:

Velkomen til eit nytt fotball akademi! Akademiet er til dei som har lyst på eit ekstra fotballtilbod. Tilbodet gjeld mellom 7-10. klasse både for gutar og jenter. Planen er å køyre morgontreningar og at alle har muligheit til å dusje og gjere seg klar til skuledagen før dei er ferdige her. Tilbodet er til alle nivå. Spelar ingen rolle kva klubb ein speler i, alle er velkomne!

Me byrjar opp med fylgjande opplegg fom veke 10 (6. og 7.mars) etter vinterferien:

KVA er tilbodet?
Kvalitetsøkt, disiplin og ha det gøy

NÅR er det fotballakademi?
Tysdag 9-10 klasse frå 07.30 til 09.15
Onsdag 7-8 klasse frå 06.30 til 08.15

KVAR er det?
Mulebanen

Kva KOSTAR det?
590,- pr mnd

Dag inndeling Tysdag (9-10.klasse):
07.30 – 08.30 Fotballtrening
08.30 – 08.45 Dusj + klesbyte
08.45 – 09.15 Frukost, reise til skulen

Dag inndeling Onsdag (7-8.klasse):
06.30 – 07.30 Fotballtrening
07.30 – 07.45 Dusj + klesbyte
07.45 – 08.15 Frukost, reise til skulen

Interesserte kan melde seg på Varegg-akademiet ved å sende ein epost til christiankjosas@gmail.com.

Følg oss!

Varegg Fotball

Støtt oss!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift