Førehandsomtale: Godøy heime!

Det er klart for kveldskamp mot Godøy med ein spanande nysignering på plass!

Endeleg er det kamp igjen heime på Havila Stadion Fosnavåg! Etter det forsmedelege tapet for Langevåg sist fredag er lysta stor til å slå tilbake.

- Vi var enormt skuffa mot Langevåg. Ein kamp vi burde vunne utifrå målsjansar. Etter 1-0 scoringa så herja vi og burde leia med tre-fire mål før halvtimen. Etter slike kampar er det viktig å nullstille seg og jobbe med det mentale. Vi må få gløda tilbake og trua på det vi jobber med. Vi har hatt ein utruleg god sesong der vi ikkje har tapt sidan fyrste serierunde før Langevågkampen, seier Toni Sandanger som ser moglegheiter mot Godøy.

- Mot Godøy må vi få fram råskapen i angrepspelet og vi må få tilbake den defensive tryggheita som vi har hatt lenge. Vi må spesielt rette fokus på betre kommunikasjon. Vi må vere tydelige. Samtidig må vi verte betre i presisjonen offensivt der samhandlinga og bevegelsane må treffe samtidig. Eg har stor tru på at gutta vil slå tilbake med ein god prestasjon mot Godøy! Vi skal gjere alt for at det blir ein kjekk og underholdande kveld for publikum!

Bergsøy har ein ny spelar klar til denne kampen som mildt sagt har reist litt rundt omkring!

- Vi har signert Emmanuel Mendy! Han er 27 år og har tidligere spelt for klubber som Dinamo Tbilisi, Riga, Le Havre, Liverpool og Eldense. I Liverpool spelte Mendy på reservelaget i tre år før han fekk A-kontrakt. Han fekk kun to treningskamper for Liverpool sitt 1.lag under Rafael Benitez. Han har også fire landskamper for Guinea! Mendy er ein sterk spelar som er fysisk godt trent og kan spele midtstoppar, midtbane, back og indreløper i eit 4-3-3 system. Han er seriøs og har eit ekstremt fokus på kosthold, holdning og å alltid vere godt førebudd til trening og kamp. Han har vist på trening at han er ein veldig god fotballspelar og han har særs lyst å lykkast her i Bergsøy, seier ein spent Sandanger som ser fram til at nykomaren skal bidra på fleire felt i Bergsøy.

- Eg er utrulig happy med å få ein slik type spelar inn i troppa til A-laget! Håper at han kan bidra til at vi hever nivået både på trening og i kamp. Eg trur at han vil bidra enormt inn mot laget med sin rutine og vinnerinstinkt ved kamper. Han skal også bidra på Breddeakademiet med fokus på Rolle-trening mot enkeltspelarar, seier Sandanger som håpar at alle Bergsøysupporterar kjem på kamp!

Godøy slo vi 3-0 borte sist. Høgdepunkta frå den kampen kan du sjå i videoen under!

Kampstart på Havila Stadion Fosnavåg er kl.19.00! Vel møtt!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift