Fitjardalten 2016 i strålande haustver

153 deltakarar i alderen 0 - 65+ gjennomførte den 35. Fitjardalten i strålande haustver

For 35. gong arrangerte idrettslaget Fitjardalten. 

Det var ein strålande haustdag, perfekte forhold for både turmarsj, minidalt og løp for dei mest aktive. Heile 153 deltakarar gjorde sitt til at det var eit yrande liv i og rundt Fitjar kultur- og idrettsbygg. 

Turgåarane starta allerede rundt klokka 1100 med sin tur, og mange av desse tok og uthaldsdelen av idrettsmerket med Fitjardalten. 

Når klokka nærma seg 1300 hadde mange meldt seg på løp med tidtaking, 47 stilte til start. Det var spenning knytt til om vandrepokalane fekk ein endeleg "heim" etter dagens løp, då både Nina Aarbø Olsen og Lars Lunde hadde to napp i kvar sin pokal og begge stilte til start. Dei skuffa ingen, og gjekk begge sigrande ut av henholdvsvis dame- og herreklassen. Med ny løyperekord (19.36) på Lars Lunde var det ingen tvil om kor den vandrepokalen skulle ende. 

Årets raskaste fitjarbu vart sjølvsagt Nina i dameklassen. Ny løyperekord for damer og pers med ober 1,5 minutt klokka ho inn på 24.29. Rune Kvilhaugsvik var raskast i herreklassen med tida 23.27. Dette er berre tre sekund bak fitjarrekorden til Bård Inge Bø, sett i 2015. Her aner me at det kan bli ein hard duell neste år. Og med framgongen til Nina så skal me ikkje sjå vekk frå at raskaste fitjarbu 2017 vert ei kvinne! Utfordringa er herved gitt!

Gledeleg og at mange unge lovande stilte til start, det vitnar om mykje god aktivitet og gode løparar for framtida. 

Resultatet av Fitjardalten kan du sjå her: http://live.eqtiming.no/31721.

Rett etter start av Fitjardalten så stilte dei yngste seg opp, klar til å gjennomføra minidalten. Kring 50 stilte opp, og etter ein knapp kilometer var det tydeleg at desse og hadde tatt seg heilt ut. Fleire låg og heiv etter pusten etter målgong. Konkurranseinstinkt hadde dei i alle fall! Og alle fekk premie!

Etter at alle var komen i mål var det god drøs i foajeen, diskusjon av resultat og kaffi og kaker i kafeen. 

Idrettslaget vil og takke alle frivillige som stilte opp som funksjonærar, utan dykk hadde ikkje arrangementet vore så vellukka!

Så er det berre å gle seg til neste løpssesong!

Måndag var det oppsamlingsheat for funksjonærar og andre som ikkje hadde høve til å være med søndag:

Bård Inge Bø         25.40

Rolf Vik                  27.27

Dan Torbjørnsen    28.30

Rolf-Atle Rolfsnes  29.03

Øyvind Skålevik     31.52

 

Grasrot fra Norsk Tipping

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift