Fiskerstrand IL

Fiskesal 2018

Fiskesal 2018

Informasjon

Vi set nok ein gong i gang med fiskesal og også no vert produkta levert frå Dybvik og Waterline AS. Denne gongen oppmodar vi at alle medlemmer sel minst ett produkt, dette salet er ei viktig inntektskild for FIL fotball!

 

Det er laga eit oppsummeringsark og det er dette arket som skal leverast inn når ein er ferdig med salet. Dei andre arka beheld seljar sjølve slik han har oversikt når varene skal utleverast.

Dvs at når ein er ferdig å selje so skal ein summere opp kor monge produkt ein skal ha av dei ulike produkta og føre dette inn i oppsummeringsarket.

 

Oppsummeringsarket nytta rein til innrapportering(innlevering) og det gjer ein via denne linken

Skulle dette by på problem kan sjølve oppsummeringsarket leverast til Vegard Fiskerstrand eller Jan Rune Wiik.

 

På utdelingsdagen er seljar er ansvarleg for å dobbelsjekke at han får utlevert riktig tal varer.

Vi vil og denne gongen ha premiering for dei som har solgt for over 3000,-. Det er sjølvsagt ikkje krav om at ein må selgje til dette beløpet, berre so det er nemd.

Vi oppmodar alle medlemmar til å selge minst ett produkt!

 

Reglane for å verte med i trekninga er som følgjer:

  • Ein må ha solgt for meir enn 3000,- kroner. Er det meir enn ein i familien som sel so vil dei bli slått saman.
  • Ved sal over 3000,- kroner får ein tildelt 1 lodd i trekninga. Ein vil få ytterlegare 1 lodd for kvar 1000,- kroner over dette ‘minstebeløpet’.

Premiar:

Det vil også vere fleire flotte premiar denne gongen der hovudpremien er eit gavekort på eplehuset tilsvarande ein Ipad.

 

Praktiske opplysingar:

  • Siste frist for innrapportering er innan søndag 11. november 2018 kl 23:59.
    • Bestilling registreras via nett på FIL sin heime sida: http://www.fiskerstrand-il.no Gå inn på menypunkt Fotball deretter Fiskesalg 2018 til slutt Innrapportering Fiskesalg.
    • Eller oppsummeringsark vert levert inn til FIL Fotballstyre ved Vegard Fiskerstrand eller Jan Rune Wiik.
    • Eller oppsummeringsark vert sendt til fotball@fiskerstrand-il.no
  • Varer blir utlevert til seljar torsdag 15. november på Lømyra kl 18:30-19:30
  • Det vert mulighet for å betale via VIPPS nr #111241. Eller overføring på konto (betalingen må være merket med navn på seljar!)
  • Seljar er ansvarleg for å samle inn pengar ved utlevering av varer til sluttkundar
  • Seljar er ansvarleg for overføring av pengar til FIL Fotball etter utlevering av varer til sluttkundar.(Meir info ved utlevering av varer)

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift