IL Kvernbit

Jentesatsing

Jentesatsing

Jenter er eitt av tre hovudsatsingar i Noregs Fotballforbund sin handlingsplan 2017-2020.

Styret i Kvernbit har vedtatt å følgje dette opp med ei eiga jentesatsing i klubben.

I budsjettet for 2017, vart det sett av midlar øyremerkt til jentesatsingstiltak. Føremålet med desse tiltaka er å rekruttere fleire jenter og å halde på jentene, både til å spele fotball, og i roller som trenar, dommar og leiar. Vi held fram denne satsinga også i 2018. 

  • Gjennom året, har vi hatt møte med jentelaga, og det vart i haust arrangert eit kosthaldsføredrag for jentene i ungdomsfotballen.
  • I august kick-starta jentelaga 11-13 år haustsesongen med ei treningshelg på Fossemyra - med stor suksess!
  • J15-laget hadde våren 2018 ei treningssamling ved Strandebarm Sportell.
  • Jentekveld med landskamp: Irland - Noreg, 8. juni 2018
  • Samarbeid med Arna-Bjørnar Fotball (toppserieklubb)
  • Jentefotballdag og gratis toppseriekamp, Arna-Bjørnar - Stabæk, 15. september
  • Felles trenarforum med Arna-Bjørnar
  • OBOS jentedag, trening leia av toppseriespelarar frå Arna-Bjørnar

Ansvarleg for jentesatsinga i Kvernbit, er Ida Hartveit (idahartveit@live.no). Ta kontakt om du har spørsmål eller innspel til prosjektet.

 

Siste arrangement: