
Fitjar Idrettslag er no glade for og kunne tilby klatring/buldring som eit alternativ til alle. Dette er ein aktivitet som er spesielt kjekk for barn og ungdom. I første omgang vil buldring vere tilgjengeleg kvar onsdag under Ope Hus, 18 - 21.30 ved Fitjar Kultur og Idrettsbygg. For meir info om Ope Hus, følg facebook sida deira: Ope Hus på Fitjar.
Nøkkel info vedrørande buldreveggen:
- Blei bygd i 2017 av Thomas Dahl, malt av Nina Aarbø Olsen.
- Veggen skal ikkje nyttast med meir en maks 3 personar om gangen, grunna sikkerhet.
- Det skal alltid være ein føresatt eller ansvarlig tilstades under buldring.
For meir info om buldreveggen eller ynskjer om å bruke den privat/andre sammenheng, ta kontakt pr:
- fitjar.idrettslag@gmail.com / 45 83 20 48
- eventuelt: ole@fkib.no (dagleg leiar ved kulturhuset)
Fitjar IL vil gjerne retta ein stor takk til vår hovedsponsor SPV som gjorde dette til ein moglegheit.
