Sandane Turn og Idrettslag

Retningsliner ved reiser

Retningsliner ved reiser

TRAFIKKSIKKER KLUBB

 

Ved alle reiser gjeld følgande:

  • Kjøretøyet skal vere i forskriftsmessig og forsvarleg stand
  • Sjåføren skal vere vaken og opplagt
  • Trafikkreglane skal følgast
  • Tal passasjerar skal ikkje overskride antall passasjerar som køyretøyet er godkjent for
  • Personen som sit i passasjersetet framme skal vere over 140 cm (med mindre airbagen ved passasjersetet vert deaktivert)
  • Alle skal nytte bilbelter
  • Nakkestøtter skal vere tilpassa passasjeren si høgde
  • Bagasje skal vere forskriftsmessig plassert og sikra
  • Ved reiser der spelarane er i alderen 15-18 år, skal sjåføren vere ekstra merksam på atferden sin i trafikken. Sjåføren skal vere eit positivt føredøme for ungdomane.
  • Ansvarleg reisekoordinator
  • Lage til køyrelister i god tid
  • Køyr i følgje
  • Bruk erfaren sjåfør(ar)
  • God tid til kamp (ferger/vegstenging). Køyr til avtalt tid. Ved lange reiser: legg inn stopp. Vel stoppestad der spelarane kan ferdast trygt på plassen.
  • «Sei frå» ved uvettig køyring
  • Driv ikkje øvingskøyring med andre i bilen

Sandane Turn og Idrettslag
Postboks 157
6821 Sandane
post@sandanetil.no

Organisasjonsnummer 971 366 494

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift