Sandane Turn og Idrettslag

Politiattest

Politiattest

Bakgrunn: I 2008 bestemte Norges Idrettsforbund at alle som har eit tillitstilhøve til barn i idretts-Norge skal framvise gyldig politiattest. Sandane Turn og Idrettslag har vedteke at alle tillitsvalde i laget skal ha slik attest. Oppgåva med å sjå til at alle trenarar, styremedlemmer og andre tillitsvalde i STIL har godkjent politiattest er delegert til kvar av gruppene i STIL. I STIL Fotball er oppgåva delegert til nestleiar.

Etter ny politiregisterlov av 1. juli 2014 skal følgande prosedyre følgast: 

  1. Kvar einskild leiar/trenar søker sjølv om politiattest. Dette skal skje elektronisk ved at ein registrerer seg på https://attest.politi.no/ .
  • Logg inn med MinID, BankID, Buypass eller Commfides.

Dette stadfestar kven du er, og du skal difor ikkje legge ved kopi av legitimasjon.

  • Velg rett formål frå nedtrekksliste i skjema:  «frivillege organisasjonar»

 

  1. Legg ved stadfesting av formål

 

  1. Når du har fått politiattesten tilsendt frå Politiet, skal denne visast fram for den som har ansvar for politiattestar i STIL Fotball. For tida er dette nestleiar Svein Kristiansen, tlf 90623638, epost: svein@psykologi.no  

Sandane Turn og Idrettslag
Postboks 157
6821 Sandane
post@sandanetil.no

Organisasjonsnummer 971 366 494

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift