STIL Fotball vart i 2014 den første klubben i Sogn og Fjordane som tilfredsstilte krava som Kvalitetsklubb på nivå 1.
12. juni 2015 vert klubben offisielt sertifisert.
Dette inneber at vi oppfyller ei rekke kriterier for god kvalitet i klubben. Norges Fotballforbund ønsker gjennom Kvalitetsklubb-prosjektet å stimulere til god klubbutvikling og påfyll av kompetanse i alle sentrale roller i ein fotballklubb. Gode, strukturerte klubbar skaper sportsleg utvikling, stimulerer til meir frivilligheit og gjev kompetanse og tryggleik i den rolla kvar enkelt skal utøve.
Totalt har STIL Fotball oppfylt 18 hovedkriterier innan områda aktivitet, organisasjon, kompetanse samt samfunns- og verdiarbeid. NFF Kvalitetsklubb 1 er det første av tre nivåer i NFF Kvalitetsklubb. Alle kriteriene får eit naturlig tillegg på neste nivå som klubbane må levere for å bli løfta vidare i programmet. Ambisjonen er dermed at Kvalitetsklubb-prosjektet blir eit system som vil vere retningsgjevande for det meste av utviklingsarbeidet som blir gjort i klubbane i Norge. Tanken er at god aktivitet på feltet krev ein strukturert administrasjon med klar retning på verdiar og sport.
"Klubber som når nivå 1 er sterke breddeklubber som setter premissene for det som skjer på treningsfeltet. Klubben er sjef!" - Norges Fotballforbund.
STIL Fotball takkar alle involverte som sørgar for at klubben presterer både på og utanfor bana! Ein ekstra takk til Arild Bruland som er klubbansvarleg for kvalitetsklubbarbeidet.