Sandane Turn og Idrettslag

Fylkets første kvalitetsklubb

Fylkets første kvalitetsklubb

Som første klubb i Sogn og Fjordane Fotballkrets er STIL Fotball godkjent som NFF Kvalitetsklubb på nivå 1. Dette inneber at vi oppfyller ei rekke kriterier for god kvalitet i klubben. Norges Fotballforbund ønsker gjennom Kvalitetsklubb-prosjektet å stimulere til god klubbutvikling og påfyll av kompetanse i alle sentrale roller i ein fotballklubb. Gode, strukturerte klubber skaper sportsleg utvikling, stimulerer til meir frivilligheit og gjev kompetanse og tryggleik i den rolla kvar enkelt skal utøve.

Totalt har STIL Fotball oppfylt 18 hovedkriterier innan områda aktivitet, organisasjon, kompetanse samt samfunns- og verdiarbeid. NFF Kvalitetsklubb 1 er det første av tre nivåer i NFF Kvalitetsklubb. Alle kriteriene får eit naturlig tillegg på neste nivå som klubbane må levere for å bli løfta vidare i programmet. Ambisjonen er dermed at Kvalitetsklubb-prosjektet blir eit system som vil vere retningsgjevande for det meste av utviklingsarbeidet som blir gjort i klubbane i Norge. Tanken er at god aktivitet på feltet krev ein strukturert administrasjon med klar retning på verdiar og sport.

"Klubber som når nivå 1 er sterke breddeklubber som setter premissene for det som skjer på treningsfeltet. Klubben er sjef!" - Norges Fotballforbund.

STIL Fotball takkar alle involverte som sørgar for at klubben presterer både på og utanfor bana!  Ein ekstra takk til Arild Bruland som er klubbansvarleg for kvalitetsklubbarbeidet.

Sportsplan for STIL Fotball

Fotballforsikring

Sandane Turn og Idrettslag
Postboks 157
6821 Sandane
post@sandanetil.no

Organisasjonsnummer 971 366 494

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift