Nyhetsarkiv
18.10.2018 Torbjørn takkar for seg
Torbjørn Gran gir seg som trenar for Sandane sitt A-lag, men det blir heldigvis ikkje det siste klubben ser til trønderen, som gjennom sine år i Sandanefotballen har gitt innhald til begrepet "å blø for laget". Gran er også mannen som har NM-medaljar i badminton, ungdomslandslagsspel for Norge i same idrett, som rockar Norge i bandet "Kokken Tor" og som av alle ting har valgt å bruke talentet sitt til å gje STIL engasjement, vitalitet og tiltrengt styrefart til vidare klubbutvikling.
Svein Kristiansen Fotball
14.10.2018 Blytung sesongavslutning
Sandane hadde ikkje noko å stille opp med mot eit velspelande Stryn 2.
Svein Kristiansen Fotball
12.10.2018 Sandane - Stryn 2
Sandane avsluttar fotballsesongen med heimekamp mot Stryn 2 søndag kl. 1500.
Svein Kristiansen Fotball
04.10.2018 STIL besøker naboen
Etter 1-5 mot eit knallsterkt Fjøra 2/Sogndal 3 sist helg, er opprykksdraumen avhengig av at Syril går på to nederlag i sesongavslutninga. Sidan det er lite STIL kan gjere med det, er spørsmålet meir om laget har to i seg til å gjere sin del av jobben, nemleg å vinne dei to siste kampane.
Svein Kristiansen Fotball
27.09.2018 Sandane på heimebane
Publikum får fredag eit høve til å sjå eit skarpskodd Sandane ta imot Fjøra 2/Sogndal 3 til kamp i Idrettsparken.
Svein Kristiansen Fotball
24.09.2018 Kanonkamp av Sandane
STIL visste kva dei gjekk til og løyste oppgåva med å spele skjorta av serieleiaren. Syril gjekk dermed på sitt første tap på heimebane på nøyaktig eitt år.
Svein Kristiansen Fotball
21.09.2018 Sandane møter topplaget borte
Mandag møter STIL tabelleiar Syril til kamp i Sogn. Dette er ein kamp STIL verkeleg ser fram til!
Svein Kristiansen Fotball
12.09.2018 Sandane - Anga fredag kveld
Sandane mønstrar eit sterkt mannskap til kampen alle i blått gledar seg til.
Svein Kristiansen Fotball
09.09.2018 Thriller i Sogn
Sandane gjorde det vanskeleg for seg sjølv då det som såg ut som ei sikker tomålsleiing vart snudd til 2-3 av Balestrand. Men to kjappe mål mot slutten av kampen sikra blåtrøyene tre poeng.
Svein Kristiansen Fotball
30.08.2018 Heimekamp for Sandane
Fredag kl 1900: STIL tar imot Bjørn til kamp i Sandane Idrettspark.
Svein Kristiansen Fotball
27.08.2018 Høyang vart for sterke
Høyang slo Sandane 3-1 og vann tilbake overtaket i kampen om opprykk til 4. divisjon.
Svein Kristiansen Fotball
25.08.2018 Blått møter rødt!
Spenning før bortekampen mot Høyang,
Svein Kristiansen Fotball
17.08.2018 Spelemannslaget hass Torbjørn i storslag
Sandane spelte på eit vidt og godt register og det vart etter kvart aldri tvil om at det skulle bli seier mot Selje. Mads Wie skåra ekte hat trick i første omgang, i det som også var Arne Morten Vilnes Øen sin avskjedskamp i STIL-trøya.
Svein Kristiansen Fotball
15.08.2018 Viktig kamp for Sandane
Første heimekamp for Sandane etter feriepausen: Tabellnabo og opprykksrival Selje gjestar Idrettsparken fredag kveld.
Svein Kristiansen Fotball
05.08.2018 Seier i Førde!
Sandane tok ein fin borteseier mot Førde 2.
Svein Kristiansen Fotball
04.08.2018 Det blir ein spennande haust
Etter å ha fått pusta ut etter dei flotte prestasjonane i Norway Cup, er det tid for å konsentrere seg om våre lokale seriar.
Svein Kristiansen Fotball
01.07.2018 Sandane tok seieren
STIL tar ferie på andreplass på tabellen etter at dei søndag sikra seg tre poeng i bortekampen mot eit sterkt Stryn 2.
Svein Kristiansen Fotball
30.06.2018 Med Ødven på sidelina
Stryn 2 - Sandane: Sandane skal ut i sin siste kamp før feriepausen, og for anledningen har STIL forsterka lagleiarteamet med ingen ringare enn Jan Ove Ødven.
Svein Kristiansen Fotball
21.06.2018 Nabo-oppgjer i Idrettsparken
Når Jølster kjem på vitjing handlar lite om form, tabellplassering eller resultata i siste serierunde. For begge lag handlar det om å raske med seg alle poenga.
Svein Kristiansen Fotball
18.06.2018 Uavgjort for Sandane
Det vart 1-1 i kveldens kamp mellom Fjøra 2/Sogndal 3 og Sandane. Mads Wie skåra eit tidleg leiarmål for Sandane, men heimelaget utlikna i andre omgang. Sandanetrenar Torbjørn Gran er lite nøgd med seg sjølv og laget, som dei siste tre serierundene resultatmessig har parkert fullstendig.
Svein Kristiansen Fotball
16.06.2018 Sandane til Sogndal
-Vi føler sjølv at vi har fått dårlegare resultat enn vi fortener. Mandag går vi for seier mot Sandane, seier trenar Aleksander Belland Eriksen i Fjøra 2/Sogndal 3.
Svein Kristiansen Fotball
08.06.2018 Syril hala seieren i land
Jamt og spennande i Idrettsparken då Syril tok med seg alle poenga heim.
Svein Kristiansen Fotball
06.06.2018 STIL tar imot Syril
Det er duka for ein svært interessant kamp når Sandane fredag kveld tar imot Syril i herrane sin 5. divisjon. Syril er utan tap så langt i årets serie.
Svein Kristiansen Fotball
01.06.2018 Nederlag i Førde
For første gang i år vart det tap for Sandanes menn.
Svein Kristiansen Fotball
30.05.2018 Sandane møter Anga
Fredag kveld er det duka for nytt oppgjer i 5. divisjon: Sandane tar turen til Førde for å måle krefter med Anga.
Svein Kristiansen Fotball
27.05.2018 Ny seier for Sandane
Ingen topp kamp, men solid då Sandane slo Balestrand og tok tre nye poeng i 5. divisjon.
Svein Kristiansen Fotball
26.05.2018 Kan seiersrekka halde fram?
Søndag kl 1500 tar Sandane sitt herrelag imot Balestrand til kamp i Idrettsparken. Gjestene er eit lag STIL seinast i fjor fekk trøbbel med.
Svein Kristiansen Fotball
21.05.2018 Sandane kneip seieren
Rusk i maskineriet, men ein solid andre omgang avgjorde bortekampen mot Bjørn.
Svein Kristiansen Fotball
19.05.2018 Det er no det gjeld!
Sandane har hatt ein strålande inngang på 2018-sesongen, og står utan tap etter tre spelte kampar. I dei komande kampane vil vi få svar på viktige spørsmål. Andre pinsedag spelar STIL borte mot Bjørn.
Svein Kristiansen Fotball
16.05.2018 Margot kom igjennom nålauget: UEFA B-LISENS!
Denne veka kom meldinga til STILs klubbkontor: Margot Meling Nesgård er godkjent som UEFA B-trenar! Ho blir den første kvinnelege trenaren i STIL med UEFA B-lisens. Margot har gjennom åra brukt mykje tid som fotballtrenar i STIL, og det siste året har det vorte endå meir.
Svein Kristiansen Fotball
09.05.2018 Høyang kjem til Sandane
Fredag kveld møtest Sandane og Høyang til det vi trur blir eit durabeleg oppgjer i Sandane Idrettspark.
Svein Kristiansen Fotball
06.05.2018 Selje - STIL 2-3 (0-2)
Selje la press på Sandane med to mål i sluttfasen av kampen, men STIL hala i land ein sterk 3-2-seier på bortebane søndag ettermiddag.
Svein Kristiansen Fotball
05.05.2018 Søndagskamp mot tabellfirar Selje
Sandane tar søndag turen til Selje i ein kamp som vil gje dei blå litt meir peiling på kvar dei står i forhold til motstandarane i årets serie.
Svein Kristiansen Fotball
23.04.2018 Sterk sesongopning av STIL
Mads Wie (3), Jonas Denk og Arne Morten Vilnes Øen sette måla då Sandane for første gang på mange år verkeleg dunka til i sesongstarten: 5-1 over Førde 2.
Svein Kristiansen Fotball
18.04.2018 Innkalling: ekstraordinært årsmøte
Jan Erik Mardal Fotball
16.03.2018 Klubbkveld hos Intersport onsdag 4. april kl. 18-20
Jan Erik Mardal Fotball
09.03.2018 Takk til Karoline og Hege Marita!
På årsmøtet i STIL fotball gjekk Karoline Klausen og Hege Marita Svalheim ut av styret som hhv. økonomiansvarleg og kioskansvarleg. Begge har levert ein fantastisk innsats som har gitt framifrå resultat. Vi kjem til å sakne desse jentene i styret, men trur nok vi likevel kjem til å sjå dei i kulissane i åra som kjem. Stor takk også til Britt Elin Lothe og Sissel Ravnestad som har vore i kiosknemnda og Per Helge Evebø som har vore leiar i valnemnda.
Jan Erik Mardal Fotball
02.03.2018 RESULTATSERVICE KM FUTSAL
Her får du løpande oppdatering frå samtlege kampar i KM.
Svein Kristiansen Fotball
02.03.2018 KM FUTSAL: Resultat laurdag 3. mars
Svein Kristiansen Fotball
28.02.2018 KM FUTSAL: Resultat søndag 4. mars
Svein Kristiansen Fotball
27.02.2018 KM: Dugnadslistene er klare!
Då er dugnadslistene finpussa og klare før den store finalehelga. Arrangør-STIL ønsker å vise seg frå si beste side når 1000 gjester kjem til Sandane. Les vidare for å sjå timeoppsett og kva rolle du/de har fått tildelt.
Svein Kristiansen Fotball
22.02.2018 Årsmøtet i STIL Fotball utsett til 6. mars
Årsrekneskapet til STIL er ikkje ferdig, og det tillyste årsmøtet til STIL Fotball må derfor utsetjast 1 veke. Ny dato er tysdag 6. mars kl 20.00.
Svein Kristiansen Fotball
16.02.2018 KM-sluttspel futsal på Sandane 3-4. mars
Jan Erik Mardal Fotball
15.01.2018 ÅRSMØTE I STIL FOTBALL
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i STIL Fotball tysdag 27. februar kl. 2000, i Sandane Idrettspark. Vanlege årsmøtesaker. Har du har saker som du ønsker at årsmøtet skal behandle, må desse meldast til styret innan 13. februar.
Svein Kristiansen Fotball
06.12.2017 Mads Wie melder overgang til Sandane
Storsignering for Sandane onsdag kveld: Mads Wie er klar for gamleklubben!
Svein Kristiansen Fotball
24.08.2017 Vi tar av oss hatten!
STIL-fotballen har all grunn til å feire: Heile 6 trenarar fullfører torsdag kveld si trenarutdanning som Grasrottrenar (C-lisens). STIL har ein fantastisk ressurs i trenarkorpset som no tel 21 trenarar med kvalifikasjonar som Grasrottrenar eller UEFA B-trenar. I tillegg er det eit større antall som er på veg til å fullføre sine utdanningar.
Svein Kristiansen Fotball
20.08.2017 Kamp- og dommaroversikt hausten 2017
Haustsesongen er for lengst i gang, og innan siste spark på ballen verte teke 31. oktober skal det spelast heile 78 heimekampar for Sandane sine mange lag. Kamp- og dommaroversikten er no lagt ut på STIL si heimeside.
Svein Kristiansen Fotball
14.08.2017 Trenarkurs på Sandane
Torsdag 17/8 og torsdag 24/8 vert delkurs 4 i C-trenarstigen arrangert på Sandane. Kurset er svært aktuelt for trenarar i ungdomsfotballen, men er relevant for alle trenarar.
Svein Kristiansen Fotball
23.06.2017 Hva er vitsen med TINE Fotballskule for Sandane fotball?
130 barn og 20 instruktørar. 3 dagar i juni. Sandane sin A-lagstrenar, trenarrettleiar og drivkraft i det sportslege arbeidet i klubben har gjort seg nokre refleksjonar. Torbjørn Gran har ordet.
Svein Kristiansen Fotball
22.06.2017 Kjempetilbod frå G-sport!
Vi minner om tilbodet frå vår utstyrsleverandør og sponsor: G-sport Sandane: Stor rabatt på alle fotballsko ut denne veka!
Svein Kristiansen Fotball
07.06.2017 Landskamp i fotballhallen!
13. juni kl 19.45: Tysdag kveld er det samling for alle fotballinteresserte: Norge - Sverige på storskjerm!
Svein Kristiansen Fotball
22.05.2017 TINE Fotballskule 2017
Då er det klart for påmelding! Tre dagar med fotballmoro 19.-21. juni. Velkomen!
Svein Kristiansen Fotball
05.05.2017 -Ikkje bekymra
-Vi kan takke oss sjølve for at vi ikkje avgjorde denne kampen lenge før utlikningsmålet kom på overtid. STIL-trenar Torbjørn Gran må konstatere at laget hans framleis må sjå langt etter årets første seier. 1-1 mot Balestrand var i underkant om ein ser på det som faktisk skjedde ute på bana.
Svein Kristiansen Fotball
05.05.2017 Sandane med poengtap på overtid
Sandane gjekk på eit frykteleg poengtap då 1-0-leiing vart til 1-1 fem minutt på overtid.
Svein Kristiansen Fotball
05.05.2017 Blir det seier i kveld?
Sandane sitt herrelag møter fredag kveld Balestrand til kamp i Idrettsparken. Begge lag ønsker seg poeng.
Svein Kristiansen Fotball
04.05.2017 Sandane/Breimsbygda med storseier
Det var stor skilnad på laga då Sandane/Breimsbygda klinka til med 6-0 mot Førde 2.
Svein Kristiansen Fotball
27.04.2017 Sandanedommarar dømmer 3. divisjon
Usikker, men det må vere år og dag sidan, om det i det heile har skjedd før: Ein dommartrio frå Sandane i aksjon i fylkesdivisjonen for damer.
Svein Kristiansen Fotball
18.04.2017 Grasrottrenarkurs på Sandane
Det er god flyt i trenarutdanninga for tida: Til helga blir delkurs 2 i Grasrottrenarutdanninga (C-kurs) arrangert på Sandane.
Svein Kristiansen Fotball
09.04.2017 Sandane/Breimsbygda - Førde 3-0
Sandane/Breimsbygda tok tidleg leiing og det var aldri tvil om seieren i treningskampen mot Førde.
Svein Kristiansen Fotball
06.04.2017 Damelaget med sterk borteseier
2017 byr på eit interessant og spennande innslag: STIL/Breimsbygda sitt damelag skal innta Idrettsparken med heimekampar annankvar helg. Vi gleder oss! I kveld vart presesongens andre kamp mot TMFK spela i Måløy. Kampen enda med ein sterk seier for damene våre.
Svein Kristiansen Fotball
02.04.2017 G13-14 med flott heimeseier
Slo Sogndal 2 i Idrettsparken.
Svein Kristiansen Fotball
31.03.2017 Travel idrettshelg
Turnbasarhelga er på gang, og i Idrettsparken er det 15 stk samla på trenarkurs. Søndag spelar STIL sitt A-lag treningskamp mot Hyen i Idrettsparken. Og før dette: under trenar Vidar Bjotveit si leiing møter vårt lovande G14-lag Sogndal 2 til seriekamp same stad!
Svein Kristiansen Fotball
30.03.2017 Uttekne til Enivestserien
Åtte 13-åringar frå Sandane er uttekne til spel for Nordfjord i Enivestserien.
Svein Kristiansen Fotball
29.03.2017 Sesongen er i gang!
Rekordtidleg sesongstart; STIL G15-17 leverte ei pangopning då dei møtte TMFK onsdag kveld.
Svein Kristiansen Fotball
29.03.2017 Mange vil bli Grasrottrenar
Det er god påmelding til trenarkurset på Sandane førstkomande helg. Deltakarane blir dei første som får prøve e-læring som del av kursopplegget.
Svein Kristiansen Fotball
24.03.2017 Uavgjort mot Vikane
Sandane 2 viste mykje fin fotball i årets første treningskamp.
Svein Kristiansen Fotball
16.03.2017 G16: Sogndal - Sandane 2-6
STIL sitt 16-årslag med knallsterkt resultat på bortebane. Skal møte Førde og Stryn til kamp om ein plass i NM Telenor Cup G16 2017.
Svein Kristiansen Fotball
16.03.2017 Bolseth Glass fornyar med STIL
Bolseth Glass har fornya samarbeidet med STIL Fotball i tre nye år. -Oppmuntrande og svært viktig for klubben at ein av våre mest trugne støttespelarar framleis vil vere med, seier fotballformann Sjur Gimmestad.
Svein Kristiansen Fotball
14.03.2017 Med hjartet i STIL
Nokon som hugsar tilbake til den gangen Allan Mardal IKKJE hadde verv i STIL?
Svein Kristiansen Fotball
14.03.2017 Arild Bruland takka av i fotballstyret
-Vi har deg å takke for at vi som første klubb i fylket fekk status som Kvalitetsklubb, sa fotballsjef Sjur Gimmestad då han takka Arild Bruland for over ti års innsats i STIL-fotballen. Same mann leia arbeidet då STIL begynte å sysle med planar om kunstgrasbane på Sandane.
Svein Kristiansen Fotball
14.03.2017 Håvard Hetle til landsdelssamling
Den lovande målvakta Håvard Hetle (f. 2003) er ein av seks gutar frå fylket som er utteken til landsdelssamling i Sarpsborg.
Svein Kristiansen Fotball
13.03.2017 Desse styrer Sandane-fotballen
Her er oversikt over styre og nemnder i fotballgruppa.
Svein Kristiansen Fotball
13.03.2017 Nye kostar i fotballgruppa
Jan Erik Mardal, Egil Brekke og Kjell Alme tar plass i fotballstyret.
Svein Kristiansen Fotball
08.03.2017 Gode takter av damelaget
Til å vere første treningskamp i år og årets første gjennomkjøring på full bane, lovar dette bra, seier STIL-trenar Jan Asle Rustøen etter 2-3 mot TMFK i Idrettsparken onsdag kveld.
Svein Kristiansen Fotball
08.03.2017 Sterkt Eidalag slo Sandane
Treningskamp: Det var ikkje noko å seie på at Eid vann, men i Sandaneleiren var det heller ikkje vanskeleg å finne ting som gleda.
Svein Kristiansen Fotball
07.03.2017 Trenartroikaen er klar!
Unge, friske krefter tar over Sandane 2.
Svein Kristiansen Fotball
06.03.2017 ÅRSMØTE I FOTBALLGRUPPA
Som tidlegare meldt blir det årsmøte i fotballgruppa mandag 13. mars kl. 2000. Vil du sjekke pulsen på ein organisasjon med stor vitalitet og god stayerevne - møt opp og få eit nærare innblikk.
Svein Kristiansen Fotball
06.03.2017 Grasrottrenar? - Bli med på kurs!
Det nærmar seg knøttesesong! Bli med, støtt opp om barna og klubben: vi tilbyr grunnkurs for foreldre og alle andre interesserte. Kurset passar for alle i aldersbestemt fotball.
Svein Kristiansen Fotball
05.03.2017 Tusen takk, folkens!
Fullsett hall i to dagar. Flotte idrettsprestasjonar, verdige vinnarar og gode tilbakemeldingar til eit velsmurd STIL-apparat = ein veldig nøgd Sandanesjef. Vår lokale Fair Play-honnør går dessutan til Hafslo.
Svein Kristiansen Fotball
05.03.2017 Sandane J19 på tredjeplass
Sandane møtte Stryn i semifinalen i J19-klassa, og for andre gong i dag var det eit strynelag som skulle sette ein stoppar for finaledraumen for eitt av våre jentelag. Men i bronsefinalen var det ingen tvil: Sandane tok tredjeplass i turneringa.
Svein Kristiansen Fotball
05.03.2017 -Ei hårsbreidd frå finalen
J14 spelte ei knallsterk turnering og berre ein situasjon som ingen thrillerregissør ville hatt fantasi til å tenke ut hindra laget frå å få spele finalkamp mot Vik.
Svein Kristiansen Fotball
05.03.2017 Ny dag, nye kampar
KM-sluttspelet i futsal dag 2: Nye lag frå fjern og nær møtest i Trivselshagen. Søndag er det J/G 14 og 16 samt J19 som skal avgjere kven som er fylkets beste lag.
Svein Kristiansen Fotball
04.03.2017 G15 og J15 til semifinale
Det er ikkje berre juniorlaget som har vist godt igjen i Trivselshagen laurdag. Både G15 og J15 spelte seg heilt fram til semifinale.
Svein Kristiansen Fotball
04.03.2017 Vinnarlaget!
STILs G19-lag gjekk heilt til topps i KM-sluttspelet i futsal, etter storspel i semifinale og finale. Ein dramatisk semifinale mot Tambarskjelvar enda med STIL-seier 3-1 og i finalen var det ingen tvil: Sandane dominerte. -Følg med på William Landøy og trenaren til STIL, Torbjørn Gran, sa Marius Kloster, ein av kommentatorane på fotballkretsens livestream, etter at KM-tittelen var i havn.
Svein Kristiansen Fotball
03.03.2017 SSF KM Futsal - løpande oppdatering
Følg KM-sluttspelet på Sandane her.
Svein Kristiansen Fotball
03.03.2017 Den store dugnadshelga!
Organisasjonskomiteen består av 14 personar og dei har ein heil skokk i ryggen: Alt er i rute til KM-sluttspelet for aldersbestemte klassar på Sandane. Frå laurdag morgon til seint søndag kveld skal 104 lag kjempe om ære og medaljar. Fotballkretsen har live-streaming frå ei rekke kampar, og lurer du på resultata for ditt lag vert det løpande oppdatering her på STIL si heimeside.
Svein Kristiansen Fotball
02.03.2017 Klare for KM-sluttspelet
8 lag frå STIL og 104 lag totalt er klare for sluttspel om KM-titlane laurdag og søndag. Det er i Trivselshagen de skjer, og vi ønskjer alle velkomne til 10-11 timars samanhangande fotballunderhaldning. Kampane på den eine bana vert også streama - du kan sitte heime og følgje med.
Svein Kristiansen Fotball
01.03.2017 Anita fyller år!
Ein velkjent person i STIL, Anita Mykland, fyller 50 år torsdag 2. mars! Vi gratulerer!
Svein Kristiansen Fotball
26.02.2017 Damelaget siktar seg inn mot sesongen
Søndag kveld var damelaget til Sandane/Breimsbygda samla til spelarmøte og trening.
Svein Kristiansen Fotball
26.02.2017 STIL-herrene til Spania med lyst og egeninnsats!
Da er A-lagsgruppa trygt tilbake i Norge etter ei god treningsuke i Albir, Spania.
Torbjørn Gran Fotball
24.02.2017 Gode treningstilhøve i Spania
Trenar Torbjørn Gran melder om svært gode tilhøve for STILs mannskap i Spania.
Svein Kristiansen Fotball
21.02.2017 Sandane på tur
STILs A-lag er på plass i Spania, og treningsleiren er godt i gang.
Svein Kristiansen Fotball
17.02.2017 Sandane til Albir
STILs herrelag reiser mandag til Albir, Spania, der laget skal ligge i treningsleir ei veke.
Svein Kristiansen Fotball
14.02.2017 Ødven med fornya B-trenarlisens
Sandane sin nestor på trenarsida, Jan Ove Ødven, har fornya lisensen som UEFA B-trenar.
Svein Kristiansen Fotball
14.02.2017 Jan Asle Rustøen trenar damelaget
Breimsbygda har i mange år hatt ei god hand med damelaget i kommunen vår. Etter at Bjørn Åmot kasta inn handkleet etter lang og tru teneste blir det no Sandane som overtek ansvaret for damefotballen. Ny trenar er på plass: Jan Asle Rustøen.
Svein Kristiansen Fotball
13.02.2017 8 lag til KM-sluttspelet på Sandane!
Heile åtte lag frå STIL er kvalifiserte til årets KM-sluttspel i futsal. Sluttspelet vert arrangert i Trivselshagen og vi oppmodar ALLE om å halde av dagane 4.-5. mars. STIL fotball vil trenge mange dugnadshjelparar, og så handlar det om å heie fram våre gode aldersbestemte lag!
Svein Kristiansen Fotball
13.02.2017 Årsmøtet i fotballgruppa 13. mars
Etter planen skulle årsmøtet i fotballgruppa avviklast førstkomande veke (20. februar). Sidan rekneskapen til hovudlaget og undergruppene i STIL ikkje er klare, må årsmøtene i gruppene utsettast.
Svein Kristiansen Fotball
12.02.2017 Sandane - Bremanger 3-2
Friskt oppgjer i Idrettsparken.
Svein Kristiansen Fotball
19.01.2017 Årsmøte i STIL Fotball
Det vert med dette kalla inn til årsmøte i STIL Fotball mandag 20. februar 2017 kl. 2000.
Svein Kristiansen Fotball
19.01.2017 Coop Extra med fornyar med STIL Fotball
Coop Extra held fram samarbeidet med STIL Fotball. Nyleg vart det underskrive ein treårig samarbeidsavtale.
Svein Kristiansen Fotball

Sandane Turn og Idrettslag
Postboks 157
6821 Sandane
post@sandanetil.no

Organisasjonsnummer 971 366 494

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift