God innsats i Stoltzekleiven

Utøvarane frå Strandebarm gjorde ein god innsats i Stoltzekleiven Opp i Bergen siste helga i september. Bjørnar Sandnes Lillefosse kopierte tida si frå i fjor på 8,45 og vart nummer seks av dei totalt som stilte til start.

Ove Måge forbetra tida si frå ifjor, og vart klokka inn på 10,04 i klasse MV40. Med det vart han nummer 4 av 461 startande i klassen sin. Med det vart han nummer 63 totalt blant over 3300 startande menn. Eit imponerande resultat og plassering! Broren Lars i same klasse kom i mål på fine 14,10. Lars Gjerde (biletet) kom i mål på solide 14,27 i MV60. Med det vart han nummer 30 av 124 startande i sin klasse. Eit flott resultat av Lars som i tillegg er kjend for å vera ein god langrennsløpar. John Olav Måge vart nummer 25 i klasse MV50 på tida 11,55. Eit nytt sterkt stoltzenresultat av John Olav. Det var heile 314 startande i denne klassen. Sondre Svåsand Måge i klassen for Gutar 12, kom i mål på sterke 14,06, og sneik seg inn føre pappa Lars for fyrste gong. Sondre ser no fram til nye persar når Vinterkarusellen rullar igang 13. oktober. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift